søndag 26. oktober 2014

Spleiselaget, ikke formueskatten, er utfordringa.

Regjeringa har greidd å gjere ei skattelette på mange milliardar til eit stort problem for seg sjølve. Det er imponerande. Det er mange grunnar til å gjera noko med formueskatten. Senterpartiet har også endring av formueskatten i sitt partiprogram. Me vil gjera det gjennom å auka bunnfradraget og å frita den "arbeidane" delen av kapitalen frå formueskatten. Eg trur ikkje det er formueskatten som er regjeringa sitt store problem. Folk reagerer på det store spleiselaget dei har laga for å finansiere kuttet. Ei herleg blanding av uføretrygda, frivilege organisasjonar, småbedrifter og eldre. Det er kort og godt "folk flest" som må finansiere kuttet i formueskatten.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar