No er eg ikkje irritert. Eg er berre forvirra. Eg har fått brev frå Statens Vegvesen. Det gjeld "varsel om registrering av kjøretøy som har skift eigar". Det forstår eg. Eg forstår og den vedlagte giroen på kroner 13 111,-
Det store spørsmålet som Statens vegvesen ikkje har greidd å forklare meg er om eg skal gjere noko meir. Det står at omregistreringa kan skje ved personleg framøte. Altarnativ kan eg postleggje dei nødvendige dokumenta. Kva dei nødvendige dokumenta er seier dei ikkje noko om. Men dei fortel i høfleg tone om mykje anna.
Eg skal ikkje omtale dette som ein kafka-prosess, men kan det vere slik at det er Kafka som har skrevet breva for Statens vegvesen?
Eg veit det vert gjort ein del for å betre måten staten snakker med borgarane på. Brevet frå Statens vegvesen bekrefter kvifor det er naudsynt å gjere meir. Eg må nok ta dette opp med Magnhild - for her trengs ein gjønnågong. Her er mitt framlegg til kva dei kunne ha skrevet:
"Gratulerer med ny bil. Den må registreres på ditt navn. Du må derfor betale den vedlagte giroen og så må du sørge for at skjemaet som du og selger fylte ut blir sendt til oss. Syns du dette ble vanskelig så kan du ringe oss eller stikke innom en trafikkstasjon, så tar vi det derfra. Lar du være å betale så får du svi."

