Viser innlegg med etiketten Nærbølista. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Nærbølista. Vis alle innlegg

søndag 25. september 2011

Terje er ein bra mann

Første spadestikk på Høg-Jæren vindpark sammen med Hå og Time ordførarane.
Noko av det kjekkaste med å drive med politikk er kontakten ein får med ulike ordførarar. Det er ein mangfaldig gjeng. Det er stor skilnad på korleis dei løyser oppgåvene sine. Eg kjenner best til korleis dei jobber opp mot storting og regjering. Nokre tek kun kontakt med sine partivener på tinget. Det resulterer stort sett i harmdirrande skriftlege spørsmål til ein eller anna statsråd og eit oppslag i lokalavisa. Desse oppslaga seier stort sett at regjeringa er dum.

Andre ordførare er meir opptekne av resultat. Ordførar Terje Mjåtveit i Hå er ein slik. I departementa veit dei godt kven Terje er. Det er han som styrer på med sykkelvegar, folkefjos, biogassanlegg, togstopp og mykje anna der kommunen treng staten med på laget. Terje har vore ordførar i Hå i 8 år. Eg har ofte hatt han på telefonen og det er alltid noko me må få til. Og det har gitt resultat. Eg meiner dei nye ordførarane i Rogaland bør lære av Terje sin måte å arbeide saman med rikspolitikarane på.

No er ordførargjerninga til Terje over. Dei politiske partia ville ikkje ha ein ordførar frå ei bygdeliste. Dei var ryddige på dette og gjorde det klart før valet at dei ikkje ville ha ein bygdelisteordførar. Derfor er det "snipp-snapp-snute" for ordførar Terje. Eg er ikkje usamd i Senterpartiet sin handlemåte i denne saken.

Så dette var ikkje ein sørgepost over det som har skjedd i Hå-politikken etter valet. Det er ei takk for godt samarbeid til Terje og hans varaordførar frå Senterpartiet. No ser eg fram til å samarbeide med Mons Skrettingland frå Høgre og varaordførar Sveinung Lode frå Senterpartiet. Og sjølvsagt andre ordførarar som vil oppnå meir enn harmdirrande "regjeringa-er-dum" oppslag i lokalavisa.