Viser innlegg med etiketten Rogaland. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Rogaland. Vis alle innlegg

lørdag 10. januar 2015

Solamøte : kva Solvik-Olsen må svare på.

På måndag er det Solamøte. Då vil mellom anna Samferdselsministeren halde innlegg. Det ser eg fram til og eg voner han legg slagorda att heime. 

Han vil nok snakka om at no skal bompengane verte smartare. Det skal verte færre bompengeselskap og innkrevingskostnadane skal ned. Lastebilane er pålagde å ha bombrikke. Alt dette var vedteke før valet - men no har det fått namnet reform. 

Han vil nok og refse fylkestinget som har vedteke nye og høgare bompengar. Eit vedtak i tråd med føringane frå Solvik-Olsen. Før var det eit munnhell om at "å vera i regjering er som å vera gravid - ein kan ikkje vera det litt." Det var før FrP kom i regjering. 

Så vil me nok og få høyre ei mengd tal og prosentar. Me vil nok ikkje høyre noko om at dette ikkje kjem av at FrP er i regjering, men av den nasjonale transportplanen Stortinget handsama våren 2013. Etter to av fire år av nasjonal transportplan har regjeringa løyvd under 50% av det planen legg opp til. Me vil få høyre at viktigaste er ikkje pengane, men korleis dei vert nytta. Det var sikkert fordi pengane ikkje er så viktige at FrP i opposisjon føreslo kring 50 milliarder meir årleg til samferdsle. 

Men dette sjølvsagt mykje tal og retorikk - difor må følgande spørsmål svarast på under Solamøte: 

- Er ein i rute med bygging av motorvegen vidare til Ålgård. Kva tid vert det byggestart på Sandved-Hove? Og kva tid kan ein få avklaring av trase vidare? Og vil det bli ei samanhengande utbygging i tråd med nasjonal transportplan? 

- Kva er status for vidare planlegging av Ålgård-Søgne? Er det slik at ein no har nullstilla prosessen? Eller planlegg ein kun fire felt - eller planlegg ein framleis 2 og 3-felts veg? Det er det ikkje mogleg å få svar på. 

- Er det maksimal framdrift på Rogfast og vert det byggestart i 2016. Eller ligg planen på vent i departementet fordi FrP ikkje vil legge fram eit prosjekt med så mykje bompengar? 

- Kva er status på vidare utbygging av E134 Haukeli? Kva betyr det at styresmaktene har sagt at det skal byggast smal veg og smale tunnelar? 

- Kva er status på Transportkorridor Vest? 

- Kor langt er ein komen i vidare planlegginga på RV13? Dette skulle gå raskt vart det lova då ein gjekk bort frå å ha ei såkalla konseptvalutgreiing. 

- Kva tid tid ser ein føre seg at regjeringa skal overta renterekninga frå bompengeselskapa slik det er lova? 

- Kva er status på planlegginga av Jærbanen og kva ligg eigentleg i vedtaket om å dele planlegginga i to etappar? 

- Vil Samferdselsministeren gjera noko for å forlenga Nasjonal Turistveg til Flekkefjord? Eller er det byråkratane som styrer. 

- Når vert avtala med Haugesund Lufthavn forlenga? 

Så er det sjølvsagt fleire prosjekt som kan omtalast. Ålgårdsbanen, ferjetilbod og fylkesvegar. 

Eg voner at me får gode og tydelege svar. Men eg fryktar at me får høyre mest om kva dei raudgrøne gjorde. Med eit unntak: Ryfast. Det største prosjektet i regionens historie stemde nemleg FrP mot. 







lørdag 25. februar 2012

Høyre - uklare vedtak?

Etter Høyre sitt fylkesårsmøte i Rogaland hadde Stavanger Aftenblad denne forsiden:

Jeg stusset litt på at de hadde tatt så klart stilling i en sak der jeg har registrert at flere av partiets lokale tillitsvalgte har et annet syn og er mot bruk av tvang. Dagen etter kunne Stavanger Aftenblad melde følgende: 

De hadde altså et helt annet inntrykk av hva fylkesårsmøtet hadde vedtatt. Jeg tror ikke denne saken oppfattes som en kommunikasjonsmessig katastrofe i Rogaland Høyre. De får først sendt en melding som gleder partiets ideologiske elite. Så får de dagen etter vist partiets folkelige profil. Dette passer godt inn i det som virker å være Høyres interne slagord: "til lags åt alle kan Høgre gjera". 

Jeg kunne tenkt meg klarere svar på hva en politisk motstander egentlig mener. Det får jeg nok ikke.
Blogglisten