![]() |
| Bildet er ikkje frå Bryne |
I dag var eg ute og rusla ein tur saman med sonen min. Då kom eg til å legge merke til kor trauste og keisame gatenamn som pregar bustadområda i byen. For den som ikkje vil høyre mine tankar om dette, men i staden ha ei meir fagleg tilnærming til saka så kan ein stogge her, og i staden lese denne
masteroppgåva.
Namn handlar om identitet. Men kor er identiteten i desse gatene: Nyevegen, Turvegen, Vestre Ring, Austre Ring, Steinaldervegen, Kong Haakons veg (her bur eg). Bryne er full av slike meininslause gatenamn. Eg forstår at ein er blitt noko meir opptekne av lokal identitet i dei seinare åra. Eg budde sjølv i Fritjof Nansensveg før. Kva denne nakne mannen hadde med Bryne å gjere er ikkje lett å sjå. No har dei endra namn til Elisberget. Dette er det gamle namnet på staden der vegen går. Det har ikkje noko med bileta av han å gjere. Og Roald Amundsen veg ligg der framleis. Heller ikkje han har sterke røter til Bryne.
Det er nokre gode døme på at ein har sett lokale namn på gatene: Kirsten Brynes veg, Gudrun Lalands veg (syster til oldefar), Biskop Hognestad gate. Og så har me ei fin samling vegar knytt til Garborg: Arne Garborgs veg, Veslemøyvegen, Haugtussavegen, Hulda Garborgs veg (hu hadde fortjent ein litt større veg)
Men alt i alt er det keisamt. Kva med å gjere Bryne til ein stad som kan verte kjend for gatenamna? Kva med å til dømes lage eit eige kaizers univers: Sjakalengata, Killmaster Kaizer veg, Violetavegen, Dr. Mowinckels veg, og sjølvsagt Hjerteknuservegen, Ompavegen (Ompatildudørvegen blir vel i overkant for kommunale skiltbudsjett) og Evig Pint vegen. Her føler jeg vi snakker moderne identitet.
Og som rosinen i pølsa, prikken over i-en, toppen av kransekaka så burde ein skifte namn på Kong Haakons veg. Eg høyrer korleis folk meste sovner når eg seier adressa. Kong Haakons veg 75. Keisamt. Kaizerstrasse! Genialt!
