søndag 1. september 2013

Kua og advokaten

Det er mykje merksemd kring prisen på mat i Noreg. Høgre og Framstegspartiet vil svekke tollvernet for å gje oss billigare mat. Ein liter mjølk kostar rundt 13 kroner. Er det dyrt eller billeg? Kua skal melkes, mjølka køyrast til meieriet der den vert både pasteurisert og homogenisert før den vert tappa på kartong og køyrd til butikken. 

Ein kan til dømes spørre kor mykje får av ein advokat for 13 kroner. Ein advokat kostar 2500,- kroner for ein time. Så det er vel det som det koster å seie "hallo" på telefon til eit advokatkontor. Men for å spørre motsatt: Kor mykje mjølk får ein for det ein time hjå ein advokat kostar? Det vert 192 liter mjølk. Fem kyr treng eitt døgn for å produsera denne mjølka. 

Sidan eg sjølv er jurist så skal eg ikkje gjera noko vidare utgreiing av advokater og kyr, men spørre: Er 13 kroner for ein liter mjølk dyrt? 

Er denne samalikninga rett? Sjølvsagt ikkje. Mjølkeprisen er inkluder moms. Dei 2500 kronene for advokaten er utan moms. 

Det er kanskje ikkje så rart at maten kostar litt i eit land der alt anna er dyrt.