søndag 25. september 2011

Terje er ein bra mann

Første spadestikk på Høg-Jæren vindpark sammen med Hå og Time ordførarane.
Noko av det kjekkaste med å drive med politikk er kontakten ein får med ulike ordførarar. Det er ein mangfaldig gjeng. Det er stor skilnad på korleis dei løyser oppgåvene sine. Eg kjenner best til korleis dei jobber opp mot storting og regjering. Nokre tek kun kontakt med sine partivener på tinget. Det resulterer stort sett i harmdirrande skriftlege spørsmål til ein eller anna statsråd og eit oppslag i lokalavisa. Desse oppslaga seier stort sett at regjeringa er dum.

Andre ordførare er meir opptekne av resultat. Ordførar Terje Mjåtveit i Hå er ein slik. I departementa veit dei godt kven Terje er. Det er han som styrer på med sykkelvegar, folkefjos, biogassanlegg, togstopp og mykje anna der kommunen treng staten med på laget. Terje har vore ordførar i Hå i 8 år. Eg har ofte hatt han på telefonen og det er alltid noko me må få til. Og det har gitt resultat. Eg meiner dei nye ordførarane i Rogaland bør lære av Terje sin måte å arbeide saman med rikspolitikarane på.

No er ordførargjerninga til Terje over. Dei politiske partia ville ikkje ha ein ordførar frå ei bygdeliste. Dei var ryddige på dette og gjorde det klart før valet at dei ikkje ville ha ein bygdelisteordførar. Derfor er det "snipp-snapp-snute" for ordførar Terje. Eg er ikkje usamd i Senterpartiet sin handlemåte i denne saken.

Så dette var ikkje ein sørgepost over det som har skjedd i Hå-politikken etter valet. Det er ei takk for godt samarbeid til Terje og hans varaordførar frå Senterpartiet. No ser eg fram til å samarbeide med Mons Skrettingland frå Høgre og varaordførar Sveinung Lode frå Senterpartiet. Og sjølvsagt andre ordførarar som vil oppnå meir enn harmdirrande "regjeringa-er-dum" oppslag i lokalavisa.

2 kommentarer:

  1. Me er mange som er VELDIG uenig i senterpartiet sin håndtering av denne saka... Sveinung Lode og resten av Senterpartiet er ein Judas, ikkje meir å seia om den saka..Dei gav ikkje beskjed om at dei ville trekke seg ut før ei veke før.. Dei burde gjordt det lenge før, og spelt med åpne kort. Og det der med politisk parti er berre tull.. Kva med krf der alle er kristne?? Kva med Sp som frå gammalt av er bondepartiet?? Sann mine ord, Senterpartiet kjem til å tapa stort på dette dei no har gjordt, noko som vil visa seg ved neste valg.

    Dette innlegget kunne du spart deg for Geir, blei berre for dumt!!

    SvarSlett
  2. Eg skal ikkje gå inn på nokon debatt om det som skjedde i Hå. Men eg greier ikkje å sjå kvifor ei veke før valet var for seint. Ville det vore betre om dei hadde gitt beskjed fire eller fem veker før valet? For ein kan ikkje gje beskjed eit år før valet at ein vil avvikle eit samarbeid. Eg held fast med at det var ryddig - men skjøner at nokon synes det er vondt og vanskeleg.

    Ordbruken din er ufin - særleg med tanke på at du skriv anonymt. Eg skjønner ikkje kvifor dette skal straffe nokon ved neste val - det var jo kjent før dette valet. Og dei fleste eg kjenner på Nærbø er i stand til å gjere seg opp ei meining på ei veke. Det treng dei ikkje fire år på.

    SvarSlett