onsdag 8. september 2010

Skal arrangere kurs i lobbyisme

Treng ein verkeleg bruke mykje pengar på profesjonelle kommunikasjonsbyrå for å nå fram med sitt bodskap til kommune, fylke eller regjering/storting?

Du, di bedrift eller organisasjonen du er med i vil være tent med å ha kunnskap om korleis vedtak vert fatta og korleis ein skal gå fram for å få mest mogleg gjennomslag for sitt syn.

Me vil difor få lov å invitere deg til eit gratis kurs i korleis ein kan påverke politiske prosessar.

For kven? Alle som vil lære meir om politiske prosessar og påverknad.


Kor og kva tid? Høghuset Bryne, onsdag 22. september klokka 19.00-21.00


Pris? Kurset er gratis, men det vil være bøsser frå Røde Kors sin aksjon for flaumofra i Pakistan og me vil oppmode kursdeltakarane til å gje minst hundre kroner som vil gå uavkorta til føremålet.

Kort om innhaldet i kurset:

- Vegen fram til ei politisk avgjerd.

- Kva tid og korleis skal ein gå fram om ein vil påverke i både generelle og konkrete saker, samt bruk av media.

- Råd og tips om korleis ein jobbar opp mot det politiske nivå i kommune, fylke og stat.
Påmelding på e-post: gp@stortinget.no innan 21.september kl. 10.00.

Med helsing

Geir Pollestad og Odd Arild Kvaløy.

Geir Pollestad,
stortingsrepresentant Senterpartiet

Tidligare statssekretær i samferdselsdepartementet og Olje- og energidepartementet. Tidlegare politisk rådgjevar i Kommunal- og regionaldepartementet og Olje- og energidepartementet.

Erfaring frå lokalpolitikk i Bergen kommune og studentpolitikk.

Odd Arild Kvaløy,
Fylkestingsrepresentant Senterpartiet, leiar av samferdslesutvalet.

Medlem hovudstyret i KS,

Fylkesordførar 1991-1999. Erfaring frå kommunepolitikk i Stavanger.

Tidlegare politisk rådgjevar i Samferdselsdepartementet og Kommunaldepartementet.

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar