mandag 4. august 2014

50 mill mer i drivstoffavgifter med FrP

Det er heilt sant at dei raudgrøne tapte valet i haust. Det er heilt sant at dei raudgrøne sitt statsbudsjett i 2014 ikkje fekk fleirtall. Det er heilt sant at FrP og H la fram eit statsbudsjett der avgiftene på diesel og bensin i 2014 er 50 millionar kroner høgare enn i budsjettframlegget frå Ap, Sp og Sv. (må ikkje forvekslast med den historiske auken i dieselavgifta (mineraloljeavgifta) som kjem i tillegg). Det er heilt sant at dette er noko FrP og H gjorde utan press frå V og KrF i Stortinget. 

Så vil dei nok seie i FrP og H at dette berre var ei teknisk justering. Joda, men det er eit faktum at ein ikkje måtte auka avgiftene slik ein gjorde. Det er og faktisk slik at ein ville ha teke inn 50 millionar kroner mindre i drivstoffavgifter om ikkje FrP hadde vunne valet. Og når ein har nytta desse pengane på gode føremål så har ein ikkje beklaga seg for kor dei har kome frå. 

Det er heilt sant og det står på side 55 
http://www.statsbudsjettet.no/upload/Tilleggsproposisjon_2014/doks/1ls_tillegg1.pdf

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar