mandag 20. januar 2014

Moglegheiter for jernbane

Eg har meint at det er lite truleg at stortinget vil kutte ned på jernbaneinvesteringar dei neste åra. Det gir rom for prosjekt utover det som ligg i nasjonal transportplan. Eg har skrevet eit avisinnlegg om det:


Eg har tidlegare peika på at det under gitte føresetnader er 8 milliarder meir til investeringar i jernbane dei neste 10 åra, enn det ligg inne prosjekt for i nasjonal transportplan.
Det føreset at regjering og Stortinget held fast på investeringsnivået som ein har i 2014 i åra framover.

Frå 2005 til 2014 så femdobla dei raudgrøne nivået på jernbaneinvesteringar frå årlege to milliardar til nær 10 milliardar i budsjettet for 2014.

Det er ikkje ein særleg offensiv føresetnad å meine at dagens regjering skal «auke» investeringsbudsjetta med null prosent dei neste 10 åra. Det er altså ikkje naudsynt med ei kraftig satsing for å rekne seg fram til desse pengane.

Av ein eller annan grunn så vil ikkje samferdselsministeren forstå dette poenget.

Men med ei vidareføring av eit investeringsnivå på 10 milliardar i dei 10 åra som nasjonal transportplan gjeld for, så vil det samla bli 100 milliardar til investering i jernbane.

I den same transportplanen ligg det prosjekt som det er sett av 92 milliardar kroner til. Då er det barneskulematte å sjå at ein har ein differanse på 8 milliardar. Det er viktig å peike på at desse pengane ikkje er jamt fordelte med 800 millionar kvart år.

Eg håpar ordførarane frå Stavanger til Eigersund vil stå på for at desse pengane skal gå til ei forsering av dobbeltspor på Jærbanen.

Om desse pengane ikkje finst så betyr det at regjeringa legg opp til kutt i jernbaneinvesteringane i åra framover. Det har eg ingen tru på at dei vil gjera - og dei vil i alle fall ikkje få med Stortinget på eit slikt kutt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar