onsdag 22. januar 2014

100 dager.

No har Framstegspartiet hatt regjeringsmakt i 100 dager. Ja, 100 dager og netter. Eg liker det ikkje. 

Tenk om eg før valet hadde sagt følgande: 

"Eg trur Framstegspartiet i liten grad vil vinne fram med sine saker. Alle veit at dei ikkje vil få 50% oppslutnad i valet. Her er nokre døme på kva eg trur vil vera stoda etter 100 dager i regjering: 

Eg trur ikkje det er fjerna ei einaste bompengekrone i Rogaland. Eg trur bensinen vil koste 15 kroner literen. Alkoholavgiftene vil bare vera litt høgare enn det dei raudgrøne la opp til. Dei som arver garder eller enkeltmannsforetak vil få ein kraftig skattesmell. Regjeringa vil kome med framlegg for å svekke økonomien i den kraftkrevande industrien gjennom ei svekking av CO2-kompensasjonsordninga. Dette trur eg ikkje dei får fleirtal for på stortinget. Og så er det klart at dei vil ha ein historisk auke i dieselavgifta. Og Mullah Krekar vil framleis opphalde seg i Noreg." 

Sjølvsagt ville eg ikkje ha våga å sagt dette. Framstegspartiet ville blitt rasande. Dei ville fnyst og pføyet og atter fnyst. 

Men det var slik det blei etter 100 dager. Eg sluttar meg til rekka av gratulanter. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar