onsdag 3. juli 2013

Stavanger treng meir og betre kollektivtrafikk

Dette innlegget stod på trykk i Stavanger Aftenblad i dag, som eit svar på kritikken som enkelte Høgrefolk har kome med etter at Stavanger-regionen (fylkeskommunen) fekk tilbod om ein fireårig kollektivavtale med staten:


Det er bra at Stavanger-regionen no får ein fireårig avtale med staten gjennom ordninga med belønningsmidlar for auka kollektivtransport og redusert bilbruk. 215 millionar over fire år som kjem i tillegg til det fylkeskommunen sjølv nyttar til kollektivtransport. 

 

Eg registrerar at lokale folkevalde heimehøyrande i ulike opposisjonsparti meiner regionen ikkje får sin rettmessige andel av midlane i ordninga. Og dei snakkar om at Stavanger har tapt den interne drakampen i regjeringa om midlane. 

 

Det er etter mi meining trong for å minna om kva belønningsordninga er og ikkje er. Det er ikkje ei ordning for å belønne regionar med høg verdiskaping og høg folkevekst. Det er heller ikkje ei ordning med rikspolitiske drakampar om fordelinga mellom dei ulike byområda. 

 

Det er eit breitt fleirtal på Stortinget som står bak belønningsordninga. Det er ei ordning der byar som gjer ein særskilt innsats for å betre kollektivtransporten,kan få ein avtale med staten. Byområda forpliktar seg til å betre kollektivtrafikken og redusere biltrafikken. Staten på si side bidreg med økonomiske midlar til ulike tiltak for å nå måla som er sett. 

 

Midlane vert fordelt ut frå det enkle prinsipp om at dei som gjer mest får mest pengar. Det vert vurdert kor krevjande mål som er sette og kor truverdig planen for å nå målet er. Ein gjer ei vurdering av søknadane, og det vert halde møter med dei einskilde regionane. 

 

Det ligg altså ei fagleg vurdering til grunn for fordelinga av midlane. Eg er viss på at Stavanger-regionen ikkje er forfordelt. Dei byane som har fått meir enn andre har hatt meir offensive og truverdige mål og planar. 

 

Dette er i tråd med dei føringane som Stortinget har gjeve for ordninga. Hadde me fordelt midlane ut frå partistrategiske omsyn, rettferdsbetraktningar eller kva region som har størst trong av midlane, ville me ikkje fulgt opp dei føringane som Stortinget har gjeve. 

 

Sjølv om regionen har levert ein søknad som innfrir krava for å få fireårig avtale,så må regionen erkjenne at andre byar har levert betre søknadar og difor får ein større del av kaka. Eg har forståing for at det kan være frustrerande, men det er slik ordninga er, og det bør ordskiftet kring ordninga og fordelinga mellom byane ta utgangspunkt i. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar