Kva har det skjedd med lovnadane Rogaland Senterparti ga i 2009? (Med utgangspunkt i vår valbrosjyre)
"Senterpartiet vil auka norsk matproduksjon og styrka tollvernet"
Status: Landbruksmeldinga legg opp til ein auke i matproduksjonen på 20% dei neste 20 åra. I tillegg har me styrka tollvernet. Det skapte mykje støy. Mange folk med mykje pengar dei vil bruke på alt anna enn mat blei veldig sinte. Høgre og FrP blei og rasande og har lova at tollauken vert borte med ny regjering.
Det styrka tollvernet er særleg viktig for dei som har stor produksjon.
Viktig punkt i programet der me har levert det me lova. I åra framover må det gjerast ein stor jobb for å nå målet om auka matproduksjon.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar