lørdag 11. mai 2013

Oljå mot resten.

Eg er glad i oljå. Den har gitt oss gode liv. Det er berre i dagane etter at eg har vore i møte med organisasjonen Norsk olje og gass eg er mot oljå.

Kvifor er det slik? Det vert rett og slett for einsidig. Då dei hadde invitert til møte med ein del stortingsrepresentanter under oljemessa i Stavanger i fjor kom problemstillinga knytt til todelinga av norsk økonomi opp. Svaret frå Norsk olje og gass var at dette langt frå var noko problem. Dette fekk sjølv representantar frå Framstegspartiet til å reagere. Det tok ei veke før eg var for oljå igjen etter det møtet.

Eg har lenge etterlyst grep for å stagge todelinga av norsk økonomi. Eg har som bilete viser og hatt utspel om det. Det var lite godord å høyre om dette utspelet i det offentlege rom. Eg noterte meg støtte frå biskopen og delvis Aftenbladets Tom Hetland.

Sidan då har noko skjedd. Få eller ingen har protestert på skattegrepet som regjeringa tok for å rette opp noko av balansen. Berre Norsk olje og gass var tydelege i kritikken. Men leder Gro Brækken har jo ikkje sett problemet ein ynskjer å løyse, så det er jo ikkje så underleg.

Oljå kjem til å ha mange gode tiår i Noreg. Men det krev politikare som har vilje til å ta grep for å hindre at både næringa og nasjonen snubler i sin manglande sjølvinnsikt. For me skal ikkje snakke om kva me skal leve av den dagen oljå tek slutt. Me skal snakke om kva anna enn oljå me skal leve av medan me er ein oljenasjon.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar