søndag 19. august 2012

Gabriels galningar

Forklaring: Eg har lese Garborgs galningar på Garborgsenteret sin nettstad Garborgs galningar handler om at det skal kome ein ny Garborg. Og når den nye Garborg kjem så vil den gamle Garborg bli gløymd. Det kan ikkje skje - og kampen for å hindre og utslette den nye Garborg er kjernen i historia. Inspirert av dette har eg skrevet ei lita skrøne der kjernen er Gabriel Høyland. Sjølvaste Mr. Bryne. Skrøna føreset nok ein del kjennskap til Bryne FK.

Dei var samla rundt møtebordet i klubbhuset til Bryne FK. Stemninga var tung. Nokon hadde hengt ei utskrift av tabellen for vikarligaen opp ned på veggen i eit forsøk på å pynte litt på sanninga. Men sanninga kunne ikkje pyntast på. Bryne FK var på veg mot 2. divisjon avdeling 3.

Dagleg leier Jan Hauge tok ordet: ”Dette går den vegen høna sparker” Nestleiar i styret og Noregs største høneprodusent, Nils Steinsland, hogg til: ”Kva meiner du med det? Kva veit du om kva veg høna sparkar?” Dei vart sitjande å glo olmt på kvarandre og det varte  heilt til styremedlem Petter Vaaland tok ansvar og måla over usemja mellom dei.


På møtekartet stod det som vanleg berre ei sak. Det var sak nummer 1: ”Kva gjer me no?” 


Styreleiar Preben Aamodt tok ordet og for fyrste gong sidan seriestart hadde han ei god nyhende.


Den fotballgale presten i Time kyrkja, Per Gunna Hillestad, hadde ringt han og orientert om at han hadde hatt besøk av ein engel som kunne fortelje at det skulle kome ein ny Gabriel Høyland og redde Bryne FK ut av uføret.


Det er berre ei hake ved det heile sa Preben: ”Me må finne han sjølv”


Dei bestemte seg for å sette i gong jakta. Og for å få finansiert det heile vedtok dei samrøystes  å selje Bryne stadion til kommunen for 5 millionar kroner. Sidan dei i førre veke hadde kjøpt attende stadion for ei krone av kommunen var dette rein netto.
Jakta på den nye Gabriel var i gong. Og Trude Lea i Jærbladet som var tilstades på møtet la straks ut ei nettsak på jbl.no.


Få minutt seinare peip det i telefonen til trenar Tommy Bergersen. ”Ein SMS frå deg Gabriel” sa han. ”Kva står det i den” lurte Gabriel. Tommy las opp: ”Eg trur den nye Gabriel Høyland som skal redde Bryne er Geir Dahle Høyland, helsing Gabriel” Gabriel sukka tungt og slo raskt fast at han hadde gløymt att mobiltelefonen sin heime og at sonen Geir Dahle Høyland truleg stod bak den meldinga.  


Dei bestemte seg for å sende ein delegasjon ut på jakt for å leite etter den nye Gabriel.  Dei starta på Varhaug der dei hadde høyrt om eit stort talent på Varhaug IL sitt gutar 12 år-lag. Han såg svært lovande ut og herja med Brusand sitt forsvar. ”Eg kan ikkje godta at det er Ansgaut Waldeland Ånestad Nord-Varhaug som er den nye Gabriel”, sa Ingebrigt Aarbakke. ”Ikkje noko i veien med guten og han er utan tvil den beste tolvåringen eg har sett, men eg har ikkje plass til Waldeland Ånestad Nord-Varhaug på kranen i fabrikken min. Så det går ikkje.” Dei andre meinte at Ingebrigt hadde eit godt poeng, så dei drog vidare for å sjå på Vigrestad guter 7 år sin nummer 10.
Dei innsåg raskt at det var bomtur. Vigrestad guter 7 år sin nummer 10 hadde øyredobber og særs mykje gele i håret. Dei slo fort fast at dette kunne vere ein ny Tommy Høiland, men ikkje nokon ny Gabriel.

Jakta fortsette i fleire veker til. Både Aftenbladet og Jærbladet ga jakta på den nye Gabriel mykje merksemd. Time kommune tildelte ”den nye Gabriel ” Time Kommunes kulturpris. Folk strøymde til stadion i tusental på kvar einaste kamp for å sjå om den nye Gabriel var funnet. Gunvald Falkum skreiv lange lesarbrev i Jærbladet om utfordringane med dei lange køane framfor kioskane på stadion.  Heile Jæren kokte. Time Kommune vedtok å opne ein ny fotballbarnehage med tusen barn på Taksdal.
Då hausten kom og ingen hadde sett så mykje som ein flik av den nye Gabriel kunne Jærbladet melde over heile framsida: ”Den nye Gabriel er ikkje funnen, men er alt SOLGT til Viking for 20 millioner kroner”

”Er det sama kva veg høna sparkar, så lenge det er pengar i det?” skreiv Jærbladet på leiarplass.   

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar