mandag 19. desember 2011

Regjeringens julespel

Jeg ønsker alle mine politiske venner en god jul og et godt nyttår med en liten julehistorie.

Julefreden er i ferd med å senke seg over Noreg. Men i den raudgrøne regjeringa er det full aktivitet til beste for folk og land.

Næringsministeren er opprørt: - Eg vil ikkje vere gjetar. Eg vil være ein av dei tre vise menn.

Det er mandag og regjeringa er samla til regjeringskonferanse. Dei handsamer eit framlegg frå "statsekretærutvalet for begeistring". Det var under ein brainstorming weekend på Soria Moria hotell at statssekretærutvalet kom opp med ideen om at regjeringa burde ha framsyning av juleevangeliet for å skape meir merksemd kring det raudgrøne prosjektet.

Kulturministeren har avtalt med NRK om  at dei skal sende regjeringa si dramatisering av juleevangeliet på lille julaften i staden for "grevinna og hovmeisteren". Då dette vart presentert under regjeringspartia sin oppsummerande pressekonferanse for haustsesjonen skapte det stor begeistring i det norske folk. Berre Framstegspartiet var kritiske til å bytte ut ein så sentral del av den norske kulturarven som "grevinna og hovmeisteren."

Arbeidet med å setje opp juleevangeliet skapte fyrst mykje begeistring og samhold i regjeringa. Dette fekk ein brå slutt då regjeringsnotatet om saka vart sendt på departementsforleggelse. Finansministeren la inn ein tung merknad: "Eg stør oppsetjinga av juleevengeliet. Med tanke på den urolege situasjonen i verdsøkonomien kan eg ikkje godta at det skal nyttast så kostbare gåver som gull, røkelse og myrra. Dette må i så fall spelast inn som satsingsframlegg til neste års budsjett og handsamast som ein del av den ordinære budsjettprosessen."

Denne merknaden vart raskt rydda av vegen gjennom bilateral kontakt mellom berørte departement og eit par møter i underutvalet. Det vart protokollert at jesusbarnet skulle få smør, oljesand og litt frukt og grønt. Partiet "lille rød"  fekk vedståelsesfrist til etter gruppemøtet på punktet om oljesand.  Partiet "lille grønn" tok atterhald om at det var mogleg å få tak i norsk smør.

Sjølv om ein statsministeren hadde løyste gåvefloka på ein statsmannsaktig måte, hadde dette opna for ei mengd krav frå dei ulike statsrådane.

Særleg helseministeren var kritisk: - å føde eit barn i ein stall er jo på linje med å føde på eit lokalsjukehus eller ei forsterka fødestove. Det er uakseptabelt, me må tilby eit skikkeleg fødetilbod på eit stort sjukehus.

- Finnes det eit slikt sjukehus i Jerusalem lurte statsministeren?
- Betlehem, Jesus ble født i Betlehem, rettet kirkeministeren.

Partileiaren for "lille grøne partiet" ville halde fast på at fødselen skulle skje i stallen. Ho etterlyste risikovurderingar knytt til transportfødslar på esel. Helseministeren sa at det forelå ein del statistikk på dette, men at det statiske grunnlaget ikkje skilte mellom jomfrufødsler og vanlege fødsler.

Landbruksministeren var og kritisk til å la barnet bli født i ein stall. Han hadde fått innspel frå Mattilsynet om at det utgjorde ein stor smittefare for dyra å ha ein nyfødt baby i forkrybben, og at dette truleg var i strid med dyrevernlova med tilhøyrande forskrifter.

Fornyingsministeren tok ordet og lurte på om det ikkje var litt gamalmodig å nytte ordet jomfrufødsel, og gjorde framlegg om å i staden nytte omgrepet assistert befruktning. Det skapte stor diskusjon, og ein vart einige om å sjekke dette ut med det "bittelille gule partiet" på stortinget med sikte på å få til eit breitt forlik.

Arbeidsministeren var uroleg for at det skulle kome fram at gjetarane var utsatt for sosial dumping. Ho ville difor at statsministeren i starten av framsyninga skulle seie litt om regjeringas innsats mot sosial dumping og framlegget om å innføre pålegg om ID-kort i den komande stortingsmeldinga om arbeidstilhøva i gjetarbransjen.

Rollefordelinga gav også visse utfordingar. Alle var einige om at Statsministeren skulle vere Josef. Som eit kompromiss vart ein einige om å ha to jomfru maria slik at partileiarene i dei to minste regjeringspartia skulle få likeverdige roller.

Det var og stor begeistring for at statsråden ved statsministerens kontor skulle spele dei tre vise menn. Olje- og energiministeren og miljøvernministeren skulle samam vere esel. Dei vart einige om å ha ein stor debatt i Dagbladet om kven som skulle vere bakparten på eselet. Det var og naturleg at barneministeren skulle få lov å spele jesusbarnet. Resten av statsrådane skulle vere gjetere og så skulle stortingsgruppa til det "bittelille gule opposisjonspartiet" få lov å vere englar.

Etter ein lang dag med tingingar i regjeringa vart ein omsider einige. Og sidan det no var jul så bestemte dei seg for å gjera ein fin gest mot Framstegpartiet. Det såg riktignok litt rart ut med den fulle kelneren og den utstoppa tigeren i stallen. Men det er vel prisen ein må betale for å få alle med.

Med ønske om ein raudgrøn god jul.

5 kommentarer:

  1. Du kan absolutt vurdere å verte forfattar, om du ein gong skulle verte mett av politikk.
    God jul til deg også, Geir!

    SvarSlett
  2. Vakkert, Geir. Reint så eg får tårer i auga

    SvarSlett
  3. Morsom !

    men jeg tror ikke tigeren og den fulle kelneren hadde vært det som så rarest ut.

    SvarSlett