søndag 20. november 2011

VIP med buss

- Flytt deg Helge! Her kjem ein som har tatt flybussen. 

Eg har teke eit initiativ for at dei som vel å reise med buss til Stavanger lufthavn skal ha ein eigen prioritert kø i sikkerhetskontrollen. Du kan sjå innslag om dette på NRK Rogaland

I utgangspunktet ein liten sak, men det er og uttrykk for ei breiare tilnærming til kva som er naudsynt for å få fleire til å nytte bussen til og frå Stavanger lufthavn. Eg har tru på positive verkemiddel: Mange avganger. Kort reisetid. God informasjon. Holde rutetider. Gode busser. Trivelige sjåfører.

Men for å få fleire over på bussen må bussopplevelsen krydres litt ekstra: Prioritet i sikkerhetskontrollen. Eigen lounge for bussreisande. Bonusprogram. Og eit gullfarget plastkort til å henge på kofferten. (Det siste virker nok litt barnsleg, men det funker for flyselskapene)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar