fredag 4. november 2011

Sandnes på Bryne?

I kveld var eg ein tur på kjøpesenteret M44. Det holdt på å gå galt. I Arne Garborgsveg er det eit slikt reklamefinansiert buss-skur. Det var reklamen her som eg ikkje fekk heilt med meg. Men eg trudde det var ein reklame der SR-Bank gratulerte Sandnes-Ulf med opprykket. Ikkje det at eg har noko mot Sandnes Ulf og eg ynskjer dei alt godt i Eliteserien. Men lagbilde og gratulasjon på buss-skuret i Arne Garborgsveg på Bryne......

Det må gå ei grensa. Og den grensa går på Skjævelandsbrunå.

Uansett så er det løye med desse reklamefinansierte buss-skurene. Noko av det vanskeligaste ein kan gjere i Norge er å få lov å sette opp eit skilt langs ein veg. Statens vegvesen er så katolske at sjølv Vatikanet drar på studieturer til Vegdirektoratet for å lære meir. Eg husker ein ferie i Hardanger der me besøkte ein ciderprodusent. Han hadde fått til alt med bedriften med unntak av å få løyve til å sette opp eit skilt ved vegen. Trafikkfarlig! sa Statens vegvesen. Statssekretæren som besøkte ciderprodusenten sa uff og huff.

Dei er nokså prinsipielle i Statens vegvesen. Men alle prinsipp har ein pris. Dei seier sjølv at reklamen på buss-skurene er retta mot dei bussreisande. Eg trur særleg dette gjeld her på Bryne kor me har nokre slike buss-skur på ein veg der det ikkje går ein einaste buss.

Attende til Sandnes Ulf reklamen. For eg måtte snu for å sjekke at dette var sant. Og det var det ikkje. SR-Bank ville berre takke Rosseland FK (bydelslag på Bryne) med god innsats. Pjuh. Rosseland rykka forøvrig ned ein divisjon, men no veit me i det minste at innsatsen var god.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar