torsdag 31. mars 2011

Erna Hour

Eg hadde eit innfall grytidleg ein morgen. Eg sat med to ungar og ein pc på fanget og venta på at eg skulle våkne. Eg tenkte eg måtte finne på noko lurt å gjere på nettet om datalagringsdirektivet. Erna Hour ble ideen. Og ideen var egentlig ganske morsom.

Å slå av mobilen i ein time for å hindre overvåking - det var ein fiks måte å synleggjere at nokon faktisk meiner at ukontrollert kommunikasjon er eit problem.

Etter mi meining hadde Erna Hour potensiale til å samle støtte frå minst 100 personar på fjesboka. No er det meir enn 22 000 som har trykket på delta-knappen.

Men eg meinar det ikkje er heilt uproblematisk av meg å gjere dette. Det er eit godt døme på at sosiale medier er utfordrane for ein seriøs politikar. Er det useriøst å lage ein slik kampanje? Ja, sjølvsagt. Men er det for useriøst? Eg trur ikkje det.

Politikken treng nye uttrykksformer - og ein festleg kampanje på fjesboka er jo trass alt betre enn politikarar som kysser babyer i valkampen med pressen på slep!

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar