fredag 14. januar 2011

Endeleg - dei venta på meg!

Eg pendlar mellom Bryne og Oslo. Det vert fort eit par turar kvar veke. Bil til Sola, fly til Gardermoen og flytog til Oslo S. Det tek kring 2,5 time kvar veg frå trappa heime til kontorstolen på Stortinget. Rekorden min er på 1 time og 57 minutt. Den rekorden er nærast uslåeleg. (Så kan dykk sikkert sei at eg burde ta toget, men då hadde eg ikkje kome fram før eg måtte reise heim igjen) 

Eg er særs godt nøgd med flytilbodet mellom dei to byane, og ikkje minst er eg nøgd med trafikkavviklinga på dei to flyplassane anten det er sommar eller vinter. Dei som hevdar det ofte er forseinkingar kan ikkje ha reist mykje med fly. Min gamle sjef, Åslaug Haga, snakka ofte om at Noreg skulle ha Europas råaste infrastruktur. Innan luftfart trur eg ikkje det er lagt frå sanninga.

Men det er ein ting eg saknar; og det er når ein kjem til trappene ned til ankomsthallen på Stavanger Lufthavn. Då ser ein alltid ein del folk og kikker oppover trappa. Dei speidar etter ein ektefelle, ven eller slektning som kjem med flyet. Eg tenker ofte at me pendlarer er ei gløymd gruppe i trappa på flyplassen. Kvifor er det ingen som ventar på oss? 

Men sånn var det ikkje i dag. For i dag hadde Lene, Ulrikke og Georg teke turen inn til Sola for å speide etter far i trappa. Skikkeleg kjekt var det å sjå dei stå der - og heilt uventa. For ei flott overrasking ein fredag ettermiddag. 

Ulrikke og Georg ville køyre med far heim. Det fekk dei sjølvsagt lov til. Og som vanleg slo eg på P2 for å høyre Dagsnytt atten. Det fall ikkje i god jord i baksetet. Og Lotta frå Bråkmakergata er kjekt å høyre på det og.   


Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar