søndag 9. januar 2011

Ei hektisk veke

Til vanleg så er vekene nokså føreseielege. Denne veka er ikkje det, så her er planane med alle atterhald:

Måndag: Deltek på Solamøte på dag og kveld. Her er heile rogalandsbenken tilstades, i tillegg til bedriftsleiare, politikare, byråkratar og anna godtfolk.

Tysdag: Solamøte eller Storting eller begge deler. Og på ettermiddagen kjem Ola Borten Moe truleg på besøk. Skal eg tru på media så er det ei "kronprinsvitjing". Det er høgst uklart korleis denne dagen vert.

Onsdag: Til Oslo på føremiddagen. Møter i storfraksjonen og i stortingsgruppa.

Torsdag: Truleg i Rogaland. Følge opp nokre lokale saker. Ikkje heilt oversikt over kva møter eg skal ha.

Fredag: Til Oslo på landsstyremøte i Senterpartiet.

Laurdag: Organisasjonssamling for Rogaland Senterparti på Bokn. Då trur eg heile bøtteballetten skal ut på tur.

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar