I går investerte me i nytt hus. Forløpig er det kun ei tomt og ein grunnmur, men i løpet av sommaren og hausten skal det kome nokre plankebiter på toppen. Her er eit bilete av den typen hus det er me har kjøpt.
Å lese eiendomsmeglere si omtale av staden er god underhaldning. Her er kva Terra skriv i ei av sine annonser:
"Det nyetablerte boligfeltet Eivindsholen ligger rundt 1 kilometer sør for Bryne sentrum, og vi tør å påstå at feltet er helt i tråd med det moderne mennesker drømmer om når de skal
finne seg et sted å bo.
For vil du ta deg en avslappende time med fiskestanga gjør du det, eller vil du heller ta deg en svipptur til byen, så gjør du det. Alt er innenfor umiddelbar rekkevidde.
Aller helst vil du sannsynligvis bare sitte på terrassen, nippe til kaffen og nyte den flotte utsikten over Jæren."
Eg likar ikkje å fiske i fiskelause vatn. Eg nippar ikkje kaffi, eg drikk kaffi. Og skal eg nyte den flotte utsikten over Jæren så vil eg sjå meir enn halve Hognestad. Så noko moderne meneske er eg nok ikkje.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar