onsdag 12. mai 2010

Vårens vanskelegaste eventyr.

Å følge jordbruksforhandlingane frå sidelinja er som å vere til stades under ein fødsel. Du er satt litt på sidelinja og du har vanskeleg for å tru at det skal gå godt. Og plutseleg så er det heile over.

Det er krevjande å vere Senterpartist når det vert forhandla. Det er partane som forhandlar. Staten sin sjefsforhandlar vil seie tilbudet er godt anten det er kutt eller vekst. Som stortingsrepresentant skal ein ikkje blande seg for mykje og ikkje uttale seg offentleg. Difor tek me ein klut i munnen kvar gong det ringer ein journalist.

Men det er ting i tilbodet frå staten som eg ikkje likar. Det har eg teke opp med leiinga i partiet.

Eg trur ein kan seie at det er ei objektiv sanning at det for norsk landbruk og norske bygder er eit gode at Senterpartiet er i regjering. Det må ein minne seg om jamleg.

Så får me håpe det vert ein avtale i god tid før 17. mai.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar