torsdag 6. mai 2010

kvifor eg vart engasjert?

I morgen er det dag to på "mot til å meina konferansen" i Stavanger, og eg skal delta på ein prograbolk som heiter "kvifor vart eg engasjert?"

Mi politiske karriere er eit slumpehøve. Eit nokså godt planlagt slumpehøve.

Då eg gjekk i 1. klasse på Bryne vidaregåande skule var det EU-kamp. Eg melde meg inn i Senterungdomen ved å sende inn ein "vert medlem i Senterungdomen slipp" frå skuledagboka. Eg var sjølsagt oppteken av saken, men det som engasjerte meg mest var statminister Gro Harlem Brundtland. Ho snakka så nedlatande om folk som var mot EU. Om me berre forstod det ho hadde forstått så ville me røyste ja. Eg vil nærast seie at ho gjorde meg politisk forbanna.

Me reiste med tog til Oslo for å demonstrere mot EU. Me tok tog til Oslo i ti timar. Så gjekk me i tog i ein time. Og så tok med tog heim igjen i ti timar. Så stemte Norge nei - og livet gjekk vidare.

Nokre månader seinare ringte Jarle Nærland, lokallagsleiaren i Nærbø Sp, og lurte på om eg ville dra på kurs i Senterungdomen. Slik endte eg opp ei helg på eit hotell i Nesbyen. Med ungdomar frå heile landet - ja det var nok mest jentene som engasjerte/inspirerte/vart inspiserte. Og så lærte me om politikk og så var det fest. Og ikkje minst dyrka me leiinga i Senterungdomen. Inge Bartnes var sjefsguden i rørsla.

Eg møtte mellom anna to andre karer; ein med namnet Trygve Magnus Slagsvold Vedum og ein med namnet Erling Sande. Møtet med Trygve var positivt. Når det gjeld møtet med Erling så vil eg utfordre han til å skrive på bloggen min om korleis det var. Eg forstod seinare at det var traumatisk for han.

Men eg haldt fram med å delta på aktiviteter i Senterungdomen. Eg vart nestleiar i Senterungdomen. Diverre var heltedyrkinga av leiinga ikkje i nærleiken av så sterk som då er byrja i Senterungdomen. Eg hadde ulike verv i partiet heilt fram til august 2006. Då flytta eg bort frå verv, plikter og politikk i Bergen. Eg skulle bruka tida på familie og ny jobb. Det gjekk godt heilt til 2. januar 2007. Då ringte Åslaug Haga og ville ha meg som politisk rådgjevar i kommunal- og regionaldepartementet. Sidan då har eg sete på flyet mellom Stavanger og hovudstaden.

Ein bør vere forsiktig med ungdomspolitikk. Det er vanskeleg å slutte med og plutseleg sit du der og må bekymre deg for ein veg du aldri har køyrt ein meter på eller utslepp frå ein plattform du aldri har høyrt om.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar