fredag 1. januar 2010

Hurra for H.M. Kongen!

Kongen tok i si nyttårstale eit heilt naudsynt kongeleg oppgjer med vårt overforbruk. Og han peika på at ei av årsakene til finanskrisa er vårt jag etter profitt. Han valde Garborg sine ord for å seie at pengar og lykke ikkje alltid heng saman. Eg trur at økonomisk tryggleik og lykke heng saman, men eg trur ikkje at stort forbruk og lykke heng saman.

Hadde til dømes denne jula vore mindre fantastisk for dottera mi om ho berre hadde fått to julegåver i staden for femten. Eg trur ikkje det. Og eg trur ikkje at Ulrikke er annleis enn andre born.

Og kven er det som skal betale for vårt forbruk? Det er det framtidas oldebarn som skal gjere. Eg meiner me er for lite flinke til å tenke kva våre handlingar i dag vil bety for dei som skal leve på jorda om 200 år.

Sjølv om det er lett å være einig i det Kongen seier, så er det ikkje lett å verte populær når ein kjem med konkrete framlegg til korleis ein skal nå desse måla. Folk ynskjer meir av alt – og lykke er framleis noko me kjøper i butikken.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar