torsdag 15. januar 2015

Den ærlege konferansen

Eg går på mange konferanser. Ikkje så mange som eg burde, men likevel mange. Dei proffe arrangørane sender etterpå ut eit evalueringsskjema på epost til deltakarane. Som dei snille folka me er, og for å forsvare både tida og pengane som er brukte så er me rause i attendemeldingane. Og så vert neste års konferanse mest heilt lik som årets. (Sjølvsagt har ein merka seg innspelet om at det tidleg vart tomt for druer i første pause) 

No har eg fått evalueringsskjema frå NHO etter Solamøtet. Eg hadde ein fin dag og ga rause attendemeldingar. Statsråd Vidar Helgesen tåler eit terningkast tre frå meg. To auge for det han sa og eit for at han var på tida. 

Men tenk kor mykje betre solamøtet hadde vore om programet var ærleg. Så eg har omtolka laga den ærlege versjonen av starten på årets solamøte. (Eg vil igjen seie at eg hadde ein bra dag - bare sånn at ingen verte sure) 

09.00 Møte startar, men ingen er på plass på stolane sine. Ein person seier kor naudutgangane er. Ingen høyrer etter. 

09.05 Fylkesordførar Janne Johnsen skal snakke om kor glad ho er for at Solamøtet er på Sola Strand Hotell, litt om lærlingar og kor irritert ho er over rikspolitikare som tek æra for vegar me har betalt sjølv. (Det er litt mindre irriterande når H er i regjering) 

Ein møteleiar som har budd i Oslo i mange år og no vendt attende vert introdusert. 

09.10 Jan Tore Sanner - korleis det å ete wienerbrød i Jærrådet er å visa lokalt leiarskap for kommunesamanslåing. Robust innlegg. 

09.30 Styreleder i KS Gunn Marit Helgesen - skal snakke om litt på den ene og litt på den andre siden. 

09.45 NHO-sjefen Kristin Skogen Lund. Om vi starta på nytt ville vi da valgt et så lite land som Norge? 

10.00 Stortingsrepresentant Arve Kambe - Vil forklare det Sanner egentlig sa - illustrert ved den heilage treeinighet Batman, Spiderman og Kambe. 

10.15 God tid til spørsmål og kommentarer frå dei 266 personane i salen. Her er det og mogleg for dei som ikkje er med i Høgre å ta ordet. 

10.16 Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen skryt av kvifor det no ikkje er så farleg med dei 50 milliardane årleg som FrP ville ha i opposisjon. Og kor begredeleg det var då dei raudgrønne styrte illustrert med kurver. 

10.30 Me slepp til nokon ungdomar - slik at me berre får kjeft for få kvinner på programet.

11.00 Ein løyen mann seie noge løye sånn at me kan le hjarteleg av oss sjølv. 

11.30 Yes! lønsj! 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar