lørdag 12. november 2011

Mot til å meina

foto: scanpix - regjeringen.no
Eg er oppteken av demokratiet vårt. Eit fungerande demokrati føreset at folk har ytringsfridom, men det er og naudsynt for folkestyret at denne fridomen vert nytta. Ei av dei tydelegaste røystene i samfunnsdebatten denne hausten har vore olje- og energiminister Ola Borten Moe. Han er ein storbrukar av ytringsfridom.

Ein ting som undrar meg er korleis utspela til Ola vert omtala i pressen. Til dømes så bruke Trude Beer i ein kommentar i avisa Nationen i dag orda "frittgående skandale" om han. Beer skriv ikkje at ho meiner Borten Moe er ein frittgåande skandale, men skjuler seg sjølvsagt bak ordene "mange mener". Ho våger ikkje sjølv nytte desse orda.

Eg meiner politikken hadde tjent på fleire tydelege røyster. For eg trur at i alle saker så vil til slutt dei gode argumenta vinne over føleriet. Sakene om monstermaster og Marie Amelie er gode døme på det. Det er lite truleg at oljesand nokon gong vil verte populært, men når eit selskap der staten er hovudeigar driv med utvinning av oljesand så er det jo ikkje ein skandale om eigarstatsråden ikkje slakter den same aktiviteten. Særleg ikkje når regjeringa ein er ein del av har bestemt at ein ikkje skal gripe inn mot denne aktiviteten.  

Politikk må ikkje verte ein øvelse der ein kappast om å seie dei rette tinga. Politikken er tjent med folk som har mot til å meina. Det må ikkje verte slik at den viktigaste eigenskapen for ein statsråd er å ikkje gjere feil.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar