torsdag 2. juni 2011

Hurra for norske vegar.

Vegarbeid på riksveg 13. 
Denne veka har eg køyrd mykje bil. Eg har køyrd frå Bryne til Suldal til Grimstad til Oslo og attende til Bryne.

Seint i går kveld måtte eg ta meg ein pause på høgfjellet mellom Brokke og Suleskard. Det var rett og slett ikkje mogleg å køyre på grunn av skodde. Skodda var så tett at eg ikkje såg vindusviskarane. Nokre vil nok seie at det er ei skam at det skal vere slik i verdas rikaste land. Dei om det.

Eg nytta hellar tida til å studere nokre lemmen som hadde "planka" på vegen og til å fundere litt over kva eg hadde opplevd på dei 1100 kilometerane eg hadde køyrd dei siste dagane. Kva er det med norske vegar? Desse 54 000 kilometerane med riks- og fylkesvegar som kryssar landet vårt frå aust til vest og frå nord til sør.

Eg er samd i at me ikkje har dei beste vegane. Men me må jo ha verdas artigaste vegar. (Eg tek atterhald om at det gjeld når ein køyrer personbil i sumarhalvåret - ikkje vogntog på vinterføre) Kva kan vel ein firefelts motorveg stille opp med mot fylkesveg 41 i Telemark når det gjeld køyreglede?

Noreg er eit vanskeleg land å bygge veg i. Dei fleste land har nokre fjellparti der det er vanskeleg å bygge veg. I Noreg har me stort sett berre fjell og fjordar. I dette landet har me rundt 168 000 kilometer offentlege og private vegar. Det er i overkant av 35 meter veg per innbyggar.

Det positive med vegnettet i Noreg er at det har like mange høgresvingar som venstresvingar og like mange oppoverbakker som nedoverbakker. Så i sum så er vegane våre nokså beine. Mange syt over dårleg vedlikehald av vegane og dårleg dekke. Eg ikkje i tvil om at det finnes mykje veg med dårleg vedlikehald - men mi erfaring er at vegdekket har vorte betre dei seinare åra.

Så gled deg over dei norske vegane. Som tek deg under havet og gjennom fjell. Så skal eg love å arbeide for å auke løyvingane til norske vegar ytterlegare. For me treng betre vegar som gjer transportane både tryggare, raskare og meir føreseielege. Men me treng vel ikkje vere så sure - for det er mykje å gle seg over med det norske vegnettet.

Og kjem du til ein veg med nylagt asfalt så rull ned glaset og nyt den herlege lukta.

Blogglisten

1 kommentar:

  1. Hadde du vært i opposisjon så hadde vel denne pipa hatt en annen lyd... Men fra spøk til alvor. Tror det er på tide å begynne å tenke på vei og infrastruktur som investeringer for framtiden, ikke som en kostnad. La oss investere i eget land slik at vi får en fordel i forhold til andre land vi liker å sammenligne oss med. Ser lite av denne tankegangen her Geir, det er flott og glorifisere svingete vei, men det er lite konstuktivt i den store sammenheng. Synes du og andre på tinget bør få øynene opp og kanalisere noen av midlene som går til statens pensjonsfond utland inn i eget land som investeringer vi kan få  glede av i generasjoner.

    Stå på!

    Espen

    SvarSlett