fredag 16. august 2013

Mat må vi jo ha

Eg har dei siste dagene vore fleire plasser der landbrukspolitikk har vore tema. Det er brei semje i landbruket om at auka inntekt er det viktigaste for å sikre eit aktivt landbruk i heile landet.

Senterpartiet vil ha eit sterkt tollvern og me vil gje matprodusentane meir betalt for varene dei produserer. 

Det går eit klart skille i landbrukspolitikken mellom partia. Sp, Ap, Sv og KrF på den eine sida og Høgre, FrP og Venstre på den andre. 

Tenk om me hadde brukt Høgre sin logikk på læraryrket: "De skal få mindre betalt for innsatsen de legg ned, men de skal få større klasser." 

KrF lovar at dei skal stogge V, FrP og Høgre. Eg trur ikkje på dei. Utfordringa til KrF er at Hareide ikkje har noko forhandlingskort. Han har jo garantert for å kaste dei raudgrøne partia ut av regjeringskontora om dei får fleirtal saman med FrP, H og V. 

Eg vonar Hareide ikkje nyttar same forhandlingstaktikk når han kjøper bil. I så fall ville han gå inn i bilbutikken og seie: "Eg skal kjøpe den bilen av deg uansett pris. Skal me no forhandle om prisen? Eg skal altså kjøpe den bilen uansett pris og eg kjem til å stå på hardt i forhandlingane."

Tollvernet er viktig. Og det er ikkje noko som heiter litt tollvern. Anten så har ein eit tollvern som virkar eller så har ein det ikkje. På landbruksmøte på Finnøy blei det sagt at å tru på litt tollvern er som å vera litt jomfru. 

Mykje står på spel for den nest største næringa i Rogaland. Og eg er glad for at leiaren i Rogaland Bondelag og er tydeleg på det. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar