torsdag 3. januar 2013

Dalane senterungdom

I går var eg med då Dalane Senterungdom vart stifta. Det var særs gledeleg å sjå kor mange ungdomer som møtte opp. Når eg og Senterpartiet skal drive valkamp sør i Rogaland så vil dette vera til stor nytte. Eg voner og at dei bidreg til å løfta viktige politiske spørsmål i sin region.

Det vart sagt at den avgjerande årsaka til at folk ikkje er med i eit politisk parti er at dei aldri er blitt spurt. Eg er ikkje sikker på om dette er sanninga eller er det slik me ynskjer at sanninga skal vere.

Då eg sjølv melde meg inn i Senterungdomen då eg var 16 år, så var det ved å sende inn ein svarslipp i ei reklamefinansiert skuledagbok. Det kunne fort ha vorte med det. Men ein dag fekk eg ein telefon frå leiaren i Nærbø Senterparti med spørsmål om eg ville reise på eit kurs i Senterungdomen på Nesbyen. Eg var skeptisk, men takka ja. Det endra mykje av livet mitt, men eg er framleis glad for det valet.

Eg vonar det var ein framtidig statsråd på møte i Dalane i går. Om ikkje så får me i det minste håpe at fleire av dei som var der får moglegheit til å læra meir om politikk.

Lykke til! Ser fram til eit godt samarbeid.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar