fredag 12. november 2010

Gåver til heider og ære.

Eg trur ein del folk trur at det å vere politikar på nasjonalt nivå er ein endelaus orgie i gåver. For å avkrefte dette vil eg no syne fram gåvesamlinga mi. Eg vil tru at gåvene har særs låg verdi på den frie marknaden.

 Ei metallku
 Ein lampe frå Qatar
 Ein dings av tre med rosemåling
 Ei tesil med sløyfe - med inngravert: Risavika Gas Centre
 Ein soldat av glas
 Ein fossil frå arkeologisk museum i Stavanger
Ein glasbit med teksten: Transportbrukernes Fellesorganisasjon 1959-2009

Så dersom du har lyst på fine gåver - så trur eg det er betre å sende ei ynskjeliste til nissen enn å gå inn i politikken. Har du lyst å sjå nærare på gåvene så står dei på kontoret mitt. 
Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar