fredag 12. november 2010

Nok en fantastisk leserbrev.

På Nærbø bur det ein kar som "hater" Senterpartiet - og det får meg og Magnhild merke i leserbrevs form. Eg har tidlegare rosa Reime for å ikkje gjere noko forsøk på å ta ballen - men heilt fokusere på å ta mannen. Også denne gongen held han seg til den strategien. Her er dagens innlegg i Jærbladet:

 ■ BREV TIL JÆRBLADET

REIDAR REIME, NÆRBØ

Eg såg at Magnhild Meltveit Kleppa skulle opna Orremessa, og tenkte eg skulle reisa ned, men gjorde det ikkje.


EG VILLE BARE sett kor mange svære gullarmband ho hadde på seg. Eg ville også høyrt kven som sponsa turen ut til Orre, kva selskap det var denne gongen. Kanskje det var Lyse?


Kva gave ho fekk for jobben på Orre, veit eg ikkje, men eg har eit par forslag: Ein sprayboks med asfaltlukt, kanskje to, så kunne ho og Geir Pollestad reist rundt på Jæren og spraya slik at me fekk kjenna litt av den asfaltlukta dei lova før valet.


ELLER KANSKJE EIT modelltog av Drangsdalen. Så kunne ho ta det med til Stortinget slik at Hallgeir Langeland kunne kjørt med det rundt i gangane.
Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar