lørdag 26. juni 2010

Varme nyhende

Det skjer kvar einaste sumar. Agurkane kjem til landet sine redaksjonar. Og dette året vert sikkert ikkje noko annleis enn dei førre åra.

Det plar starte med eit innslag på TV2 der UP er ute på vegane og varslar at i år vil det verte rekordmange fartskontrollar. Og så får me eit intervju med ein råkøyrande bilist som seiar: Ja det var surt med bot - men no har eg lært. Innslaget vert avslutta med at me får sjå den bøtelagde køyre roleg ut på vegen at.

Dei politiske sakene er prega av ein hellar farleg kombinasjon. Sumarvikarar i redaksjonane og politiske rådgjevare på jobb i departementa. Då vert det mykje prat om problem som eigentleg ikkje er noko problem. Og er ei sak er så viktig at statsråden må svare, så skjer det heime eller på hytta til statsråden.

Statsråden har då på seg ein sumarleg genser når han vert intervjua. Det er den same sumarlege gensaren han hadde på seg førre året. Saka det gjeld er også det same som førre året. Men statsråden vil ikkje la intervjue inne på eigedomen - så intervjuet vert gjort litt nede i vegen. Og i bakgrunnen står det alltid nokre søppelspann. Berre legg merke til det.

Og litt ut i juli kjem alltid Norsk Brannvernforening - eller aller helst ein som tidlegare har jobba i Norsk Brannvernforening eller i brannvesenet, og som no har eige firma - på med saker om at noko er brannfarleg.

Det kan vere kyrkjer, tunnelar, skogar, sjukeheimar. Ja stort sett alt som kan brenne og som gjer at marknaden for brannvernutstyr veks. Så må journalistvikaren ringe departementet og til dømes spørje: Kva vil departementet gjere med desse brannfarlege kyrkjene? Kan de garantere at ikkje ei einaste kyrkje vil brenne ned i framtida nå som dykk skal sjå på saka? Og så vert det debatt på Dagsnytt 18 - og mykje snakk om fokus på brannvern. Etter tre dagars debatt om brannfarlege kyrkjer må statsråden med ansvar for brann finne fram den sumarlege gensaren og rusle ned til søppelspanna for å gjere seg klar til TV-teamet.

Og på vegane køyrer folk roleg på ferieturen for dei veit at UP lurer bak kvar einaste sving. Og UP, ja dei er på ferie.

Blogglisten

1 kommentar: