tirsdag 28. januar 2014

Landbrukspolitikk

Eg kunne ha brukt mange ord på å analysera det som landbruksminister Sylvi Listhaug og Høyres Gunnar Gundersen presenterte av budskap framfor 700 tilhøyrare på Varhaug i går. Det skal eg ikkje gjera. 

Den store forskjellen mellom FrP og H i landbrukspolitikken er at Høgre innser at dei ikkje har den beste politikken for næringa. Det merka ein tydeleg på Gunnar Gundersen i går og det er ei prioritering ein skal ha respekt for. Han kunne like godt sagt det rett ut: Høgre prioriterer andre ting framfor landbruk og mat. 

Sylvi Listhaug er det langt verre med: Ho trur at redusert tollvern og redusert støtte skal gi bonden høgare inntekt. Dette fordi så mange forbrukare vil velge dyrare norske produkt framfor betydeleg billegare importert mat. Dette gjeld alle nordmenn med unntak av dei som bur langs grensa til Sverige.

For eigen del så er eg strålande fornøyd med svaret eg fekk på min kommentar om tollvern. Listhaug kunne fortelle at dei var sinte i EU og at ein difor måtte fjerne den såkalla prosenttollen. For ho fann det ikkje naudsynt å nemna at tollen er i tråd med både WTO og EØS-avtala. 




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar