lørdag 26. oktober 2013

Lesarbrev om sundagsopne butikkar

Slå ring om heilagdagsfreden. 
Den nye regjeringa seier dei vil ha sundagsopne butikkar. Dette for å gje folk fridom til å handle når dei måtte ynskje. Senterpartiet vil gå mot ei utviding av høvet til å halde ope på sundagar. Eg er glad for at Kristeleg Folkeparti vil det same, men eg stussar på grunngjevinga som partiet nyttar. 
På KrF sin nettstad kan ein lese fylgjande frå partileiar Hareide: "Å unngå søndagsåpne butikker er først og fremst viktig av hensynet til arbeidstakeres sosiale og velferdsmessige behov. Dessuten er dyrt for samfunnet." 
Eg er heilt samd i at det er to gode grunngjevingar, men det viktigaste argument mot sundagsopne butikkar, heilagdagsfreden, er totalt fråværande i saka på KrF sin nettstad. Eg meiner det er godt oppsummert i paragraf 1 i lova som regulerer dette: "For å verne om det gudstjenestelige liv og den alminnelige fred på helligdager og for å gi høytiden ro og verdighet, skal det være helligdagsfred i samsvar med reglene i denne lov."
Eg synest me skal ha rom i debatten for å seie at me ikke ynskjer at sundagen skal vere som andre dagar. Saka handlar ikkje berre om logiske argument, men at me har respekt for det tredje bodet som seier at ein skal halde kviledagen heilag. Eg trur KrF er samde i det, men at dei berre har gløymt seg litt bort.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar