tirsdag 29. oktober 2013

Kvifor bør ein vere med i eit politisk parti

Mykje av valkampen handlar om kven som skal få kva. Prioritering av og omfordeling pengar er ein viktig del av politikken. Eg meiner likevel at eit levande demokrati krev noko meir av oss. 

Politikk og politiske parti er ikkje ein butikk der ein skal gå for å få noko og der ein vel det partiet som har det beste tilbodet. Med Framstegspartiet si nyvunne erfaring frå regjeringskontora så trur eg det er eit rom for å ta eit oppgjer med politikken som der ein ropar ut: "røyst på meg så skal du få billegare bensin og sprit" No ser ein at det berre var eit lokketilbod. 

Politisk arbeid handlar om å gje noko til fellesskapet utover skattepengane. Det handlar om å søke saman for å få kunnskap og for å drøfte tanker og ideer som ein har. Ein skal både seie sitt og lytte til kva andre har å seie. I Noreg er det tradisjonelt dei politiske partia som har denne rolla, men sjølvsagt pågår det ei minst like viktig demokratibygging på mange andre område som idrettslag, lokalhistoriske foreningar, på arbeidsplassen og rundt kjøkkenbordet. 

Eg meiner å sjå ei utvikling der dei politiske partia har utvikla seg til salskontor for partiet sine standpunkt. Det er ikkje ei ønskeleg utvikling. Det som har hatt mest å seie for mitt politiske virke er det tilbodet som partiet har gitt i form av kurs i Senterungdomen og studieringar. 

For mange år sidan hadde Senterpartiet ein studiering som ein kalla "aksjon lokalsamfunn". Eg vart sett opp i ein studiering om eldreomsorg. Det var kaffi, kringla og god drøs. Men me måtte bidra - og det vesentlege var ikkje kva partiprogramet sa, men kva me meinte. Det me diskuterte skulle ikkje ende opp i eit stortingsvalsprogram eller i eit framlegg i Stortinget. Det skulle bare sveve rundt i stova der me sat saman med lukta av kaffi, kringla og ein mogleg eim av fjos. 

I ei tid med resultatmålingar, effektivitet og hastverk må ein ikkje gløyme at demokrati er slow motion. Og at det ikkje er uviktig det ein kan læra av andre. Truleg har alle mennesker meir kunnskap inne i seg enn dei fleste bøker. 

I ein profesjonalisert politikerkvardag full av OPS, CCS og mandat i tryggleiksrådet så er det fort gjort å ikkje sjå kor viktig grasrota er. Kva styrke og kraft som ligg i grasrota når den reiser seg. Den 50 år lange norske EU-kampen er eit døme på kor hjelpelaus eliten er når grasrota vakner til kamp. 

Kva var poenget for meg med å skrive dette: Det var eit forsøk på å få deg til å melde deg inn i Senterpartiet. Ikkje fordi me skal gje deg betre råd og eit finare smil, men fordi me treng deg og dine meininger. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar