lørdag 8. januar 2011

Solamøte 2011

På måndag er det klart for det årlege solamøtet. Det er eit todagersmøte som vert arrangert av NHO Rogaland i samarbeid med fylkeskommunen, KS og Næringsforeningen.

Dei så deltek er frå forvaltning, politikk, næringsliv og media. Dei fleste brukar slips. Berre nokre få har skjørt. Seier ein dette offentleg og er kritisk til det nokre dagar før møte finn stad så lager media sak om det.

I år er overskrifta på møte "globale utfordringar". Sjølv om mykje er det same som ifjor, så var overskrifta då ei anna. Fornying, steg for steg.

Eg har særleg merkt meg eit føredrag som eg ser fram til og det har tittelen "Det konkurransefremmende mangfoldet" av Dilek Ayhan frå Alarga AS. Eg aner ikkje kva det handlar om, men eg vonar ho vil komme på kor viktig respekt for "dei andre" er. Me kan ikkje halde fram å vere motoren i Noreg om me er redde og vel Hansen framfor Hassan. Åpenhet for det som er nytt og det å nytta krafta som ligg i det mangfaldige fleirkulturelle samfunnet trur eg er ei hovudutfordring for Rogaland dei neste åra.

Eg likar desse møta - alltid triveleg å møte kjentfolk.

Blogglisten

1 kommentar:

  1. Dilek er nok ikkje hankjønn. Ho er ein organisasjonsreser, og har gjort sitt for å sette eit positivt preg på organisasjonslivet, om enn primært i Oslo. Og berre for å sikre at du stiller budd til møtet med ho, kan eg opplyse om at ho er ein av grunnleggarane av Norges Tyrkiske Ungdomsforening og blei kåra til Årets Innvandrer i 2005.

    SvarSlett