søndag 16. januar 2011

mykje som skjer neste veke.

Måndag 17. januar deltek eg i paneldebatt om arbeidsliv på håndverkeren i Oslo. Tema er nærare avgrensa til ILO 94 og arbeidsvilkår i offentlege kontrakter. Det er og møte i Stortinget denne dagen. På kvelden er det styremøte i stopp datalagringsdirektivet.

Tysdag 18. januar skal eg delta på nasjonalt europaforum, som skal debattere EØS-midlene og norske fotavtrykk i Sentral-Europa. Det er og vanleg stortingsmøte denne dagen, men eg vonar eg får utbytting og ikkje treng å stemme. På kvelden er det telefonmøte med enkelte tillitsvalgte og folkevalgte i Rogaland senterparti.

Onsdag 19. januar: møtedag på Stortinget. stortingsmøte med spørjetime, storfraksjonsmøte og gruppemøte.

Torsdag 20. januar er det formøte for Europarådsdelegasjonen og så dreg Senterpartiets gruppe på samling til staur gård. Eg skal ikkje spekulere i kvifor ein valde staur gård. Men koplinga til både landbruket og Per Borten sine staur er openbar.

Fredag 21. januar me held fram med å bere staur.

Søndag 23. januar dreg eg til Strasbourg og møter i Europarådet.


Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar