søndag 23. januar 2011

mobiltelefontvang?

Når eg skriv dette så sit eg på eit fly på veg frå Amsterdam til Strasbourg. Eg liker å ta fly for det er omtrent det einaste staden eg ikkje er online. Det gjer ro til å arbeide og til å tenke, og mobilen ligg avslått og åleine i ryggsekken. 

Eg vart for ei tid tilbake intervjua av ein student om min bruk av sosiale medier. Eg har etter det tenkt ein del på kor mykje tid eg kvar einaste dag brukar på å trykkja på mobilen. Det er ikkje få timar kvar dag. Og det store spørsmålet er om det er fornuftig? Gjer det meg til ein betre politikar? Gjer det meg meir kunnskap? Gjer det meg betre i stand til å kommunisere med vener, veljarar og familie? 

Eg meiner at både e-post, twitter og Facebook er fantastiske oppfinningar. Men etter at dei alle har flytta inn i telefonen saman med sms og nettavisene så lurer eg på om dei stel både tid og konsentrasjon på ein måte som samla sett er negativ.

Er ein i eit møterom med stortingspolitikere så sit ein stor del med anten mobil, bærbar pc, iPad eller ein anna dings som det går an å trykke på. Dagens føredragshaldere har tøff konkurranse om merksemda. Eg ville aldri ha funnet på å slå på ein tv på eit møterom for å få med meg V75-løpa frå Biri. Ikkje ein gong utan lyd. Men eit slag angry birds eller ein sms til andre møtedeltakere er heilt greitt. Så kan ein seie at det å kaste sinte fuglar på smilande griser ikkje må samanliknast med det å sjå hestar som spring om kapp. Det kan være, men det er langt frå opplagt. 

Her trengs det nokre køyrereglar. Kva meinar du er god mobilkultur? 

Når flyet landar i Strasbourg så skal eg slå på telefonen med ein gong. Då har eg vore off-line i ein time og det er lenge nok,  og eg har lært hjå luftfartstilsynet at forbodet mot mobilbruk i fly som er på bakken ikkje har noko med tryggleik å gjere.



Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar