lørdag 24. april 2010

Statssekretæren styrer landet!

Ein tidlegare statssekretær og ein tidlegare ambassasdør

Ein statssekretær fortel om livet som statssekretær:
"Eg er statssekretær. Eg er statssekretær fordi eg er så flink. Og så har eg god greie på fornying, administrasjon og kyrkjer. Derfor er eg statssekretær i Det kongelege fornyings-, administrasjons- og kyrkjedepartementet. Og så er eg statssekretær fordi regjeringa trengte ein ung heterofil mann frå Sørlandet.

Statssekretærar har mykje makt. Eg skjønar likevel ikkje kvifor eg alltid må gjere slik som statsråden min seier. Det er jo eg som har god greie på sakene. Det er eg som sit timevis i møter med både embetsverk og underliggande etatar.

Statsråden flyg jo som ein virvelvind mellom regjeringskonferansar, stortingsmøter og besøk rundt omkring i landet. Likevel kjem statsråden både med teite spørsmål og rare meininger. Det er kun kona mi som har teke poenget. Ho seier at det er eg som er den eigentlege sjefen i departementet. Og derfor må ho få lov å vere sjef heime. Det tykkjer eg er greitt.

Mange gonger så må statsråden melde forfall til viktige innlegg ho skal halde for viktige personar på viktige konferansar. Då må eg trø til. Folk er litt skuffa når dei ser meg, men når eg startar å prate så vaknar dei til. Eller dei klappar i alle fall når eg endeleg er ferdig.

Eg har greie på alt. Eller i alle fall det som står i talepunkta mine som eg les opp. Og eit par gonger i veka så deltek eg på Dagsnytt 18 på NRK P2. Då plar eg forklare kvifor kutt i budsjetta eigentleg er ei monaleg satsing. Det er kjekt å vere på radio.

Ein gong i veka er eg på Stortinget. Det treff eg stortingspolitikarane frå regjeringspartia. Då gjer me beskjed om kva dei skal meine. Nokon gonger brukar dei høg stemme. Då snakkar eg om at eg skal lage eit notat og om at me er inne i ein prosess. Og vert dei skikkeleg hissige så må eg føreslå at me skal ha eit frukostmøte. Dei er glade i mat desse stortingspolitikarane. Og så les eg opp talepunkt for dei medan dei et. Då løysar det seg alltid.

Nokon gonger når regjeringa ikkje har lyst å bestemme seg i ei sak, så set dei ned eit statssekretærutval. Då møtast me for å lese opp talepunkt for kvarandre. Og så er det alltid mat. Eg likar best når møta er hjå Miljøverndepartementet. Då kan eg køyre drosje til møtet og så får me anten vaflar eller gulrotkake. Det er hyggeleg og viktig.

Så om du trur det er stas og viktig å vere statsråd, ja då har du aldri vore statssekretær. Det er me som bestemmer. Eller det er me som bestemmer det som statsråden har sagt skal bestemmes."

Har du aldri sett en statssekretær? Her kan du sjå bilde av dei som er statssekretærar i finansdepartementet.

5 kommentarer:

  1. "Eg sit på Stortinget. Der sit eg fordi eg er så flink. Og fordi eg har så god greie på store ting. Eg er berre vararepresentant, men det er oss vararepresentantar som er dei viktigaste fordi me sit i stolar der det eigentleg skulle ha vore ein eller ei som er statråd akkurat no..."

    Slik kunne den vel egentlig også ha begynt.
    Start å preike politikk, og ikke bruk tida di som parlamentariker på blogging om uvesentligheter.

    SvarSlett
  2. godklumper og solstråler har jeg alltid satt pris på :)

    SvarSlett
  3. http://www.nationen.no/politikk/article5096299.ece

    SvarSlett