søndag 12. oktober 2014

Hovud, Hjarta, Hender og Helse på budsjettkonferanse

Det er mange måter eit budsjett kan bli til på. Og denne historia er bare oppspinn om ein diskusjon mellom to statsråder i baren under budsjettkonferansen: 

- "Klart hovud, varmt hjarta, flinke hender og god helse." Eg blir så utroleg provosert over den gjengen seier landbruksministeren. Eg må få til eit monaleg kutt til 4H. Og veit du kva parti den logoen minner meg om? 

- Ja usj og det er jo berre ungar som leiker seier kommunalministeren. Det er noko anna med Bygdekvinnelaget. 

- Vel, eg hadde no tenkt å ta dei og. Lar me dette skli ut så får me vel både bykvinnelag og tettstadkvinnelag som står utanfor og roper på penger, seier landbruksministeren. 

- Eg har ein byråkrat i mitt departement som i årevis har jobba for å bli kvitt ordninga med at 4H har gratis kontorplass hjå Fylkesmennene. Han er blitt møtt med døve øyre i åtte år. Så han har nytta tida til å finne på argument for å kaste dei ut. No vert det handling, men eg fryktar at Trine som tidlegare aktiv i 4H ikkje vil godta det seier kommunalministeren. 

- Nei, Trine er nok ikkje noko problem. Me legg no inn så mykje snørr for ho i budsjettet at ho ikkje maktar å kjempe inn igjen alt. Me har gitt Tine i miljødepartementet det oppdraget. Redde verden eller redde 4H? burde være eit enkelt val for Venstre, seier landbruksministeren.

Ja, og så har me sikkerheita då. Tenk deg at desse barna har kontoret sitt i sjølvaste Statens hus. Dei har jo oppgåver som strikking, kjøkkenhage og baking. Det er ikkje trygt, seier kommunalministeren. Tenk om dei kjem med spader og strikkepinnar for å spionere på topphemmelege notat som ligg og sleng i gangane. 

- Pføøy sa landbruksministeren. Er du klar over kor små desse kjøkkenhagane er? Direkte ulønnsame! Og så den logoen då. 

Og slik gjekk det sannsynlegvis ikkje føre seg då regjeringa bestemte seg for å kutte i løyvingane og kaste 4H ut frå kontora sine. 

Langt meir truleg er det at regjeringa har hatt eit møte og blitt samde om at det var ein god ide. 

Eg tykkjer det er langt verre. 



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar