torsdag 17. juli 2014

OL 2022: "Når du berre forstår.."

- Hei du din evneveike bondetamp! No.skal du høyre her og så skal du forstå det me har forstått. Då vil du reise deg opp og synge ut: "Sjå elden ljose over Oslo2022, med ei god gamaldags floke." 

Det er sjølvsagt ikkje desse orda dei nytter når dei skal ha meg med på OL-laget. Men det er slik det føles. Eg opplever frå enkelte av OL-krigarane ei ovanfrå og ned haldning av ein slik karakter at det kunne vore ein eigen øvelse i olympiaden. 

Eg skal her gjera eit heidarleg unntak frå Tom Tvedt frå Rogaland. Han snakker til meg som eit tenkande individ som har eit anna syn enn han sjølv har på denne saka. Han antyder ikkje at min motstand mot eit OL i 2022 er basert på følelser (Sjølv om eg meiner at bruk av titals milliarder kroner føreset positive følelser). Han antyder heller ikkje at eg manglar kunnskap. For Tom Tvedt veit at den sikraste måten å sikre politisk nederlag på i Noreg er å drive argumentasjon ut frå følgande tilnærming:

- Den dagen du (den uvitande) forstår det som eg (den allvitande) har forstått, så vil du verta einig med meg. 

Ein av dei ivrigaste OL-krigarane er Tom A. Schanke. Han sender med ujamne mellomrom e-post om OL til det politiske miljø. Den siste starta slik: 

"I OL-debatten er det mange som har problemer med å holde seg til fakta

I egenskap av ivrig OL-tilhenger holder jeg meg naturlig nok godt oppdatert på det som skrives og sies om OL-søknaden, og om høstens avstemming i Stortinget.  Det er helt greit å være mot OL 2022, men jeg synes ikke det er greit når man bevisst benytter seg av feilopplysninger i sin agitasjon.  Hvis man gjentar en feilopplysning ofte nok har den en tendens til å feste seg, i hvert fall hvis ikke feilopplysningen blir imøtegått.  Jeg har tatt en titt på kommentarer til OL-artikler på nettet, samt OL-uttalelser på sosiale medier, og er kommet til at de fire feilopplysningene som nei-folket benytter oftest er følgende:  

 

1.  OL vil koste det offentlige 35,1 milliarder

2.  OL er bare en «14 dagers fest i hovedstaden»

3.  Det var idretten som ønsket et OL-valg i Oslo i 2013

4.  Det er Oslo som søker om OL 2022"


Han kunne like godt ha sagt: "Når berre du...." 


Eg har av heile mitt hjarte lyst å jobbe for eit OL til Noreg. Gjerne eit OL i det noverande konseptet: "Games in the city and other parts of Austlandet and dalstroka innafor" Men eg får det berre ikkje til. 


Eg meiner eit arrangement som krev ein statsgaranti på 35 milliarder ikkje automatisk er nøkternt. Eg trur ikkje på lovnaden om reformar i IOC. Heiberg er ikkje ein del av løysinga. Han og dei andre i IOC må seie: "Me har feila. Me har fått tunnelsyn. Me har laga eit opplegg som høver dårleg saman med demokrati. Nokon andre må ta over." Olympiaden trenger revolusjon - ikke forsiktige reformer. 


Eg trur kampen er over. Eg ser det som heilt utenkeleg at ein vil kunne leva med ein OL-prosess om ikkje Erna Solberg greier å halde regjeringa samla. Skal me ha ein valkamp i 2017 der FrP i regjering kan ha 35 milliardar kroner å leike med utanom den politikken deira eiga regjering står for? - Ja me veit at bensinen nærmar seg 20 kroner literen, men dei andre partia ville heller nytte pengane på ein 14-dagars fest. osb osb osb


Ingen, utanom FrP,  kan leve med det. 


Det som kanskje gjer meg mest harm er at eg sit me ein klar kjensle av at nokon som les denne bloggposten har betaling for å gjera det. Så skal dei gje råd vidare om korleis dette kan følgast opp. Eg vonar på det sterkaste at eg tek feil. 


Men om eg ikkje gjer det: Gje ei melding attende om at dei må kome med noko som er friskare, tydeligare og meir ekte. Ikkje eit "games in the city" for å vinne Oslo for så å transformera the over til noko anna for å vinne støtte i folk i resten av Noreg. Og viktigast: Me er ikkje evneveike tomsingar som let følelser styre våre haldningar. 




3 kommentarer:

  1. Her treffe du spikeren på håve!

    SvarSlett
  2. Godt å se at noen fra Jæren med beina (og ørene) godt plantet på jorden sier det som det er!

    SvarSlett
  3. Knut A Myklebust17. juli 2014 kl. 21:38

    Er rart korleis den eine sia her, påstår dei står som eineeigar av fakta !

    http://www.ol22.no/no/nyheter/milevis-unna-gjetting

    Men det er ve ikkje nokon som har vert flinkare til å rote med fakta i denne saken, som det Ja sida har, sjløv om dei sitte på ein millionpott, og burde ha størt grunnlag for å finne fram fakta.

    Men likevel så står dei på påstanden om verdiskaping og arbeidsplassar, noko som jamt over er bevist at aldri skjer etter eit OL, etter kva eg har skjønna så står det vel også i raporten om OL 2022, at den vil vera ein negativ kostnad for landet.

    Dei påstår også gong på gong at det var stort flerital mot 94 OL, sjølv om det einaste dei har her, er ein liten lokal undersøkelse med gode 200 spurte, og spørmålet var vel om dette kom til å få postitve etterverkandar eller noko i den dur, ellers låg det vel på jamnt over eit greit Ja flerita før 94 OL.

    Har også sett påstandar på diverse fora, at folk som skreiv på nett og var negative, heller ikkje hadde det truverde som Ja sida hadde, det er tyleg, at her er alle midlar lov, for å få eit JA, så får folket heller meine kav dei vil.

    SvarSlett