torsdag 9. januar 2014

Lesarbrev om kol og oljefond

Senterpartiet vil ta oljefondet ut av kolinvesteringar

 

Klimaendringane må takast på alvor. Senterpartiet meiner Noreg må nytte statens pensjonsfond utland, eller oljefondet, som eit verkemiddel for å påverke ei meir miljøvenleg utvikling i verda. Det er brei semje om at kol er blant dei aller mest forureinande energikjeldene.

 

Senterpartiet meiner difor at Noreg ikkje skal bidra med kapital til denne bransjen gjennom våre investeringar. Når Stortinget i vår skal handsame kva retningslinjer som skal gjelde for oljefondet meiner me at Stortinget må gå inn for at vi skal trekke oss ut av kolindustrien.

 

Det er klare teikn på at det er eit fleirtal på Stortinget for å trekka Noreg ut av kolindustrien. Det vil vera eit sterkt og tydeleg signal om at ein tek klimaendringane på alvor.

 

Geir Pollestad

Energi- og miljøpolitisk talsmann

Senterpartiet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar