fredag 20. desember 2013

God jul

Eg vil takke alle trivelege folk eg har møtt i 2013 med ønske om ein god jul og eit godt nytt år. 

Det har vore eit innhaldsrikt år i politikken. I samferdselsdepartementet fekk eg lov å vera med på å lage ein særs god nasjonal transportplan. Valkampen var hektisk, men triveleg. Resultatet vart så me håpa på i Rogaland- Senterpartiet sikra eit fast mandat frå fylke.  

Hausten har vore utfordrane med regjeringsskifte og ny rolle for meg og Sp: opposisjon. No har stort sett den nye regjeringa skulda det meste på den forrige regjeringa og sine samarbeidsparti V og KrF i stortinget. Over nyttår startar kvardagen for dei - og då må sjølv FrP ta ansvar. Ein kan over tid ikkje sitta litt i regjering. Anten så gjer ein det eller så gjer ein det ikkje. 

Det har vore ei frisk tid og i Senterpartiet. Sjølv om andre parti gjorde langt dårlegare val enn oss, så har me nok ved å starte ein stor evalueringsprosess pådrege oss meir negativ merksemd enn det som var naudsynt. Eg meinar likevel at det var rett å gjera det - me må granske oss sjølv for å læra. Sjølv om det er ubehageleg når det står på. 

Eg har ikkje sendt julakort til lokallagsleiare, ordførare, organisasjonar og andre folk dette året. Eg har i staden sendt julakort til alle medlemmar i Rogaland Senterparti over 80 år. Eg vonar dei set pris på det.

Eg ser fram til 2014 og nye oppgåver for Rogaland, landet og Senterpartiet. 

Med ønske om ei god jul og eit godt nytt år.  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar