torsdag 31. oktober 2013

Unfair kritikk frå KrF Solheim.

I dag har eg vore på konferanse med KS i Rogaland. Her var ordførere, rådmenn, fylkespolitikere og stortingspolitikere fra Rogaland samla. I debatten kom KrFs Ellen Solheim med kritikk av at Rogaland får en for liten andrl av pengene som i transportplanen er satt av til å fikse opp fylkesvegane. 

Disse pengene er i nasjonal transportplan fordelt ut frå ei kartlegging av det faktiske etterslepet på fylkesvegane som Statens vegvesen har gjort. Dette fekk brei støtte i Stortinget under handsaminga av transportplanen. 

Kvifor er då Ellen Solheim så opprørt over dette? Og har ho grunn til det? 

I kveld har eg vore inne på videoarkivet på Stortinget og sjekket ut saken. Under høyringa i transportkomiteen stilte saksordførar for transportplanen, Bjørnflaten, eit konkret spørsmål til vestlandsrådet om dei ynskte at pengane skulle fordelast ut frå Statens vegvesen si kartlegging. Det svara fylkesordførar i Møre og Romsdal bekreftane på og komiteleiar Hareide kommenterte nikking frå dei andre fylkesordførarane i panelet. 

Så Ellen Solheim (KrF) er altså sterkt kritisk til ei løysing som Rogaland fylkeskommune sjølv har sagt dei er samde i. "Nokon har snakka saman" er eit vanleg uttrykk. Her trur eg hellar nokon må snakka saman. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar