fredag 28. juni 2013

Eit kupp

I dag har vore ein kjekk dag på jobben. Eg har presentert departementets tilbod til ein avtale om belønningsmidlar til kollektivtrafikk og redusert bilbruk i Stavanger. 

Reaksjonane var stort sett nokså føreseielege. Høgreordførarane var ikkje nøgde. Men ein ting som overraska meg meir var at fylkesordføraren skulda meg for å ha kuppa opninga av ny kollektivbru over motorvegen.  

Her er oppsummeringa av innslaget på NRK slik det er omtala på Retriever: 

"Politikerne fikk mindre i belønning enn ventet for satsing på nullvekst i biltrafikken. Fylkesordfører Janne Johnsen (H) raser over at statssekretær Geir Pollestad (Sp) brukte dagens uoffisielle åpning av kollektivbrua på E39, som kulisse for dagens utdeling av belønningsmidlene. - Staten har ikke bidratt med ett øre til denne kollektivsatsingen, derfor skal de heller ikke ha æren av prosjektet vårt, sier Johnsen. 

- Jeg syns ingenting om at Geir Pollestad skal forsøke å ta luven av et prosjekt, som vi har sagt vi skal ha en åpning av den 12. august, når bedriftene er tilbake igjen på Forus med full bemanning, og vi skal få en god markering der. Det hadde jeg håpt statssekretæren ville respektere. Men jeg forstår at han ønsker å bruke fine nye samferdselsprosjekt i Rogaland, som staten ikke har bidratt til.
"

Mi verd er ikkje så spekulativ. Eg tenkte i går på kor eg kunne ha eit kort pressetreff for å kunngjera vårt framlegg til avtale. Partikontoret var uaktuelt. Det passa seg heller ikkje å besøke Statens Vegvesen i denne saka. Men eg tenkte denne brua kunne være eit godt døme på ein framtidsretta kollektivtiltak. Så høyrde eg og på radioen at brua kunne nyttast av gåande og syklande frå fredag, men skulle opnast på høgtideleg vis i august. Så da kan eg ikkje skuldast for å blande meg inn i formelle opninga tenkte eg. 

I dag vart det difor pressetreff vel hundre meter frå brua. Me var ikkje oppe på brua og den blei heller ikkje omtala på pressetreffet så vidt eg kan minnast. Så me snakkar ikkje om noko stort kupp. 

Og det er jo ikkje så uvanleg at ikkje staten finansierer prosjekt på det fylkeskommunale vegnettet. Som billist har eg bidrege med bompengar på same måte som fylkesordføraren. Og sjølv om det er eit blått fleirtal i fylkeskommunen så vonar eg at gangbrua og vil kunne nyttas av oss med grøne haldningar. 

Og når eg ser på reaksjonane på dette kuppet er eg glad for at fylkesordføraren ikkje veit kva me gjorde då me for nokre veker sidan prøvekøyrde T- forbindelsen som opnar til hausten. 


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar