torsdag 15. mars 2012

Kva vil du kjære vesen?

Eg trur ein viktig eigenskap som stortingspolitikar er å behalde evna til å la seg irritere over tungrodd byråkrati. Det handlar både om å ta på alvor når ein får høyre om folk sine opplevingar i møte med det statlege byråkratiet og når ein sjølv opplever det.

No er eg ikkje irritert. Eg er berre forvirra. Eg har fått brev frå Statens Vegvesen. Det gjeld "varsel om registrering av kjøretøy som har skift eigar". Det forstår eg. Eg forstår og den vedlagte giroen på kroner 13 111,-

Det store spørsmålet som Statens vegvesen ikkje har greidd å forklare meg er om eg skal gjere noko meir. Det står at omregistreringa kan skje ved personleg framøte. Altarnativ kan eg postleggje dei nødvendige dokumenta. Kva dei nødvendige dokumenta er seier dei ikkje noko om. Men dei fortel i høfleg tone om mykje anna.

Eg skal ikkje omtale dette som ein kafka-prosess, men kan det vere slik at det er Kafka som har skrevet breva for Statens vegvesen?

Eg veit det vert gjort ein del for å betre måten staten snakker med borgarane på. Brevet frå Statens vegvesen bekrefter kvifor det er naudsynt å gjere meir. Eg må nok ta dette opp med Magnhild - for her trengs ein gjønnågong. Her er mitt framlegg til kva dei kunne ha skrevet:

"Gratulerer med ny bil. Den må registreres på ditt navn. Du må derfor betale den vedlagte giroen og så må du sørge for at skjemaet som du og selger fylte ut blir sendt til oss. Syns du dette ble vanskelig så kan du ringe oss eller stikke innom en trafikkstasjon, så tar vi det derfra. Lar du være å betale så får du svi."

Blogglisten

3 kommentarer:

  1. Eg har nå ringt statens vegvesen. Beskjeden var hyggelig og klar: betal giroen så er det ok. Rart at man må bruke rundt 200 ord i et brev på å forklare det.

    SvarSlett
  2. Hei Geir! Jeg jobber i Statens vegvesen, og i vårt prosjekt for å bli klarere og tydeligere i brevene vi sender ut, er dette brevet et av de vi tar tak i. Jeg er helt enig med deg i at det er altfor vanskelig!

    Kunne du tenkt deg å se det nye forslaget vi har til brev og kommentere på det? Vi skal begynne å sende det ut i april, og setter pris på alle tilbakemeldinger. Jeg kan sende deg det på e-post i så fall.

    Sjekk også ut bloggen vår: http://klarsprakvegvesen.wordpress.com/

    Mvh
    Marte Spets, kommunikasjonsrådgiver i Statens vegvesen

    SvarSlett
  3. Takk Marte. Jeg har i utgangspunktet ikke noe ønske om å blande meg inn i deres arbeid. Men siden nå jeg har vært såpass stor i kjeften så kan jeg være prøvekanin for brevet :)

    SvarSlett