torsdag 16. februar 2012

Bygg huset selv !!!!!!!!!

“Da vil jeg puste og pruste og blåse huset ditt ned.” Og så pustet og prustet og blåste den ned huset og åt opp den vesle grisen.

Slik er det i eventyret. Det ble kanskje ikke like mye fart da interpellasjonen jeg hadde fremmet ble behandlet i kommunestyret. Jeg måtte på middag med stortingskomiteen hos statsråd Bjurstrøm og måtte derfor overlate interpellasjonen til Inger Tjåland. Men etter de meldinger jeg har fått så var det rimelig frisk debatt. Det er bra. Jeg er ikke helt fornøyd med svaret fra ordføreren. Men jeg registrerer at han har vært nødt til å understreke poengene sine med ikke mindre enn 9 utropstegn.

Her er svaret:
Interpellasjon til ordføraren


Ordføraren er samd med representanten Pollestad i at Time kommune er ein attraktiv kommune å bu i. Det viser m.a. folketalsveksten dei siste 10 åra og talet på ferdigstilte bueiningar tatt i bruk årleg som frå år 2003 i snitt har vore om lag 180-190. I tiåret før 2003 låg snittet på om lag 50 - 60!!


Revidert bustadbyggjeprogram som byggjer på konkrete og planlagte bustadprosjekt og framtidige bustadområde i nyleg vedtatt kommuneplan, tilseier eit snitt på om lag 190 ferdigstilte bueiningar tatt i bruk årleg fram mot 2022. Etter ordføraren sitt syn viser dette også at kommunen fortsatt vil vera ein attraktiv kommune for både private verksemder som satsar i Time, og for nye innbyggjarar som vil busetja seg her.


At det finns uproduktive areal til å byggja einebustader på i Time er nok rett. Men etter ordføraren sitt syn så finns dette arealet i hovudsak nå på Lye. Deler av det er avsett til framtidig bustadformål i kommuneplanen (BL4), og evt. ytterlegare areal her til einebustadtomter vil venteleg «Bybandet Sør-planen» visa når den har funne si endelege politiske forankring.


Om kommunen skal «kasta seg ut» på den opne marknaden å by på tilgjengeleg areal til bustadformål frå private eigarar/seljarar på Bryne og Kvernaland for så å utvikla dette til «rimelege tomter» for innbyggjarar som vil byggja einebustader, er ordføraren skeptisk til. Slik ordføraren ser det ut frå noverande kapasitet innan den kommunale plan- og anleggsverksemda må vi allereie kjøpa inn betydeleg privat arbeid for å følgja opp dei prioriterte og vedtatte kommunale investeringsoppgåvene som skal løysast i åra framover. Viss kommunen ønskjer å kjøpa inn meir areal for så å tilretteleggja/opparbeida det til sal av «rimelege tomter» for innbyggjarane, må det byggja på klare politiske føringar inkludert justeringar/nedprioriteringar av nemnde kommunale innsatsområde vi i dag er i gang med. Om tomtene då blir «rimelege» kan det vel og stillast eit spørsmål med!


I den vidare utbygginga på Lye, jf. BL4 i ny kommuneplan, vil det vera naturleg å vurdera deler av området avsett til sjølvbyggjartomter. Dette bør vurderast i eiga politisk sak når vi ser resultatet av reell etterspurnad og sal av tomtene vi nå opparbeidar og skal selja i området BL2.


Ordføraren er ikkje samd med representanten Pollestad sine signal til innbyggjarane i Time om at dei som ønskjer det skal få kjøpa ei rimeleg tomt, og sjølv stå som utbyggjar av sin eigen bustad. Dette signalet er klart i motstrid til den klare uttalen frå landbruks- og matminister Lars Peder Brekk og representanten Pollestad i Stavanger Aftenblad den 30.01.2012 om at «jærbuane må byggja tettare, byggja i høgda og utnytta areala betre»!!!


Ordføraren ventar at stortingsrepresentantar har same mål og gir same signal til innbyggjarane vedrørande areal- og jordvernpolitikken uavhengig av om ein representerer innbyggjarane i kommunestyret eller Stortinget!!!

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar