lørdag 22. oktober 2011

Gatelangs med keisame gatenamn.

Bildet er ikkje frå Bryne
Bryne er byen på Jæren. Og det er mykje å være stolt av på Bryne: Høghus, Fritz Røed park, Garborgspor, ølutsal, Kaizers Orchestra, cupmester 1987, sølv i serien 1980 og 1982.

 I dag var eg ute og rusla ein tur saman med sonen min. Då kom eg til å legge merke til kor trauste og keisame gatenamn som pregar bustadområda i byen. For den som ikkje vil høyre mine tankar om dette, men i staden ha ei meir fagleg tilnærming til saka så kan ein stogge her, og i staden lese denne
masteroppgåva.

Namn handlar om identitet. Men kor er identiteten i desse gatene: Nyevegen, Turvegen, Vestre Ring, Austre Ring, Steinaldervegen, Kong Haakons veg (her bur eg). Bryne er full av slike meininslause gatenamn. Eg forstår at ein er blitt noko meir opptekne av lokal identitet i dei seinare åra. Eg budde sjølv  i Fritjof Nansensveg før. Kva denne nakne mannen hadde med Bryne å gjere er ikkje lett å sjå. No har dei endra namn til Elisberget. Dette er det gamle namnet på staden der vegen går. Det har ikkje noko med bileta av han å gjere. Og Roald Amundsen veg ligg der framleis. Heller ikkje han har sterke røter til Bryne.

Det er nokre gode døme på at ein har sett lokale namn på gatene: Kirsten Brynes veg, Gudrun Lalands veg (syster til oldefar), Biskop Hognestad gate. Og så har me ei fin samling vegar knytt til Garborg: Arne Garborgs veg, Veslemøyvegen, Haugtussavegen, Hulda Garborgs veg (hu hadde fortjent ein litt større veg)

Men alt i alt er det keisamt. Kva med å gjere Bryne til ein stad som kan verte kjend for gatenamna? Kva med å til dømes lage eit eige kaizers univers: Sjakalengata, Killmaster Kaizer veg,  Violetavegen, Dr. Mowinckels veg, og sjølvsagt Hjerteknuservegen, Ompavegen (Ompatildudørvegen blir vel i overkant for kommunale skiltbudsjett) og Evig Pint vegen. Her føler jeg vi snakker moderne identitet.

Og som rosinen i pølsa, prikken over i-en, toppen av kransekaka så burde ein skifte namn på Kong Haakons veg. Eg høyrer korleis folk meste sovner når eg seier adressa. Kong Haakons veg 75. Keisamt. Kaizerstrasse! Genialt! 





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar