fredag 17. desember 2010

Heim te jul

I dag var siste møtedag i stortinget i 2010. Og me var ikkje så taletrengte i dag. Me plar ikkje vere det på fredager.

Eg nytta dagen godt og fekk både rydda kontorpulten, skrevet nokre reiserekningar og teke ein tur til leiligheten. Eg trur skjortene mine i vaskemaskinen var glade for det. Dei hadde nok vore nokså strykefrie i januar.

Og i god juleånd så var flyet litt forseinka. Me stod i lang tid å venta på at brøytebilane skulle få gjere seg ferdige. Då fekk eg tid til favorittøvinga mi ombord på fly. Lese Aftenposten og rive ut tekstar eg lika. I dag hadde eg desse to tekstane med meg heim:

"Nå har Google Street View kjørt forbi gården jeg har vokst opp på. Da må de ha vært overalt. Absolutt overalt." 
Artig at avisene trykker twittermeldinger. Særleg rart å rive teksten ut av avisa for så å ta den med seg hjem for å skrive det inn på nettet igjen. Digital resirkulering heiter det. Men eg lurer mest på korleis det ser ut der @Okolnes/Øyvind Kolnes er vaksen opp.

Den andre teksten viser korleis det går når smiskinga vert litt for openbar. Denne gongen er det Storberget som igjen vert litt ivrig i sitt listige spel med å lure Høgre på dld-kroken:

- Jeg er lydhør og inviterer opposisjonen til å være med på å utforme en god politikk for å bekjempe organisert kriminalitet, sier Storberget, som samtidig berømmer Høyre for å ha startet flere gode debatter og kommet med gode forslag den siste tiden.  

Omtrent så diskre som når drikkfeldige Eu-motstandere frå Midt-Norge sjekker damer på nachspiel i Senterpartiet.

Blogglisten

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar